– Ulovlege innkjøp på Knutholmen

Heilt fram til vårparten i fjor hadde Kinn kommune ei rekkje kommunale møter på Knutholmen i Kalvåg, utan at oppdraget lagt ut på anbod. – Innkjøpa var dermed ulovlege, seier Bjørn Hollevik (biletet), leiar i kontrollutvalet i Kinn. I tidsrommet 2017 til desember 2019 brukte kommunen to millionar kroner på middagar, vin og overnatting på Knutholmen. Rådmannen må forklare pengebruken overfor kontrollutvalet.

Bjørn Hollevik
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK