Kommunen antar at 2000 innbyggjarar har blitt sjuke dei siste dagane, og ein eittåring kan ha døydd av ureint drikkevatn.
– Me tar prøvar av distribusjonsnettet ein gong i veka. Dei prøvepunkta er basert på risikovurdering. Men no ser me at høgdebassenget ikkje er omfatta av det rutineprogrammet.
Det vedgår varaordførar Bård Espelid frå partiet Askøylisten.
Han kan ikkje svara på kvifor dette er utelate i kontrollrutinane.
– Eg veit ikkje kva tid det sist vart sjekka der. Det kan vera fleire år sidan det er tatt vassprøve frå det bassenget, seier Espelid.
– Me må læra av det som har skjedd. Det nye høgdebassenget som no er bygd må me inkludera i prøveprogrammet.
VEDGÅR KONTROLLMANGEL: – Me må læra av det som har skjedd og inkludera høgdebasseng i kontrollrutinane, seier varaordførar Bård Espelid i Askøy.
Foto: Jon Bolstad / NRK– Ikkje krav
Laurdag fortalde NRK at vatn- og avløpssjef i Askøy, Anton Bøe kvelden før vedgjekk at det ikkje har vore faste kontrollrutinar for høgdebassenget.
– Dei rutinemessige sjekkpunkta har me ikkje umiddelbart oppe i det området. Kontrollpunkta er litt lenger nede, ute på nettet på ulike stader.
– Er det ikkje krav om at høgdebasseng skal ha sjekkpunkt i høve til vasskvaliteten?
– Nei, det er ikkje krav konkret på høgdebasseng.
- Les også:



Mattilsynet bekreftar
Dette blir bekrefta av Mattilsynet. Dei fører tilsyn med alle eigarar av vassverk.
– Eigaren skal identifisere viktige punkt på nettet det er viktig å ta prøver. Kor og kor mange prøvetakingspunkt det er, avheng av korleis vassforsyningssystemet er forma ut og kva slags utfordringar det er i området, seier avdelingsleiar Aslaug Sandvin i Mattilsynet avdeling Bergen og omland.
– Det viser seg at Askøy kommune har tatt prøver av vatnet som har gått inn i høgdebassenget, men ikkje av vatnet som går ut. Sett i lys av det som har skjedd, vil dette vere eit av fleire naturlege moment å sjå nærare på når vi skal føre tilsyn med Askøy kommune i etterkant av denne hendinga.
Viktig med gjennomstrøyming
Stilleståande vatn kan gje auka risiko for oppblomstring av bakteriar. Om det er der som har skjedd på Askøy er uklart.
– Bassenga skal jo dimensjonerast slik at det er ei forsvarleg gjennomstrøyming, og det er det i utgangspunktet her. Men det er klart at viss det er forureining er det eit avvik uansett kor stor gjennomstrøyming det er, seier Anton Bøe.
IKKJE KRAV OM SJEKK: – Kommunane er ikkje pålagt konkrete krav om å sjekka vasskvaliteten i høgdebasseng, seier sjef for vatn og avløp i Askøy, Anton Bøe.
Foto: Mats Arnesen / NRK– Er det ein auka risiko for forureining i eit høgdebasseng, samanlikna med resten av leidningsnettet?
– I og for seg ikkje. Men det er klart at når dette er eit fjellbasseng kan det komma lekkasjar inn gjennom grunnen.
– Det er ikkje i seg sjølv eit problem at det lek litt vatn inn. Det som er problemet er at du kan få kolyforme bakteriar ned i ein slik lekkasje, seier Bøe.
– Ikkje dramatisk
Dette aktuelle høgdebassenget er på 500 kubikkmeter, altså 500.000 liter vatn.
– Blir så mykje vatn bytta ut der til dømes kvar døger?
– Nei, ikkje nødvendigvis kvart døger.
Bøe seier det varier, og at det kan gå meir enn tre døger, avhengig av kor mykje vatn befolkninga brukar.
– Det er jo ikkje nokon dramatikk i dette. Dette er jo på ein måte reinsa vatn, seier VA-sjefen.
Han viser til at det er det same vatnet som ligg i leidningane også, og der ligg vatnet gjerne eit par dagar.
På dagar med stort forbruk, seier han eit slikt høgdebasseng lett kan bli tømt og etterfylt på ein halv dag.
– Til dømes med godvêr om sommaren der alle driv med hagevatning og fyller opp oppblåsbare basseng.
Vatnet blir pumpa opp automatisk, etter som vatnet renn ut frå høgdebassenget.