Hopp til innhold

– Trist å sjå all driten

MÅLØY (NRK): Fiskarane får tonnevis av plast og søppel på kroken på kvar tur.

Søppel frå havet

PÅ KROKEN: Tre fulle kar med søppel henta opp frå havet med krok og line.

Foto: Harald Kolseth / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi har hatt ein fin tur i Nordsjøen, ok fiske og bra vêr, men det har hatt ei negativ side også med all den driten vi har fått opp med lina.

Skipper Stig-Jarle Ervik på linebåten Fjellmøy lossar fangsten frå Nordsjøen ved kaia i Måløy. Men om bord i båten er det som vanleg ikkje berre fisk. På kaia står det triste synet av tre veldige plastkar fulle av skrot og søppel.

– Det er trist å sjå. Her er store mengder tauverk, vaierar, brannslangar frå plattformer, stropper, lin, garn og trosser, sukkar Ervik oppgitt.

Stig-Jarle Ervik

OPPGITT: Stig-Jarle Ervik frå Stad er oppgitt over all søpla.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Enorme mengder søppel

Autolinebåtar er den "perfekte" reiskapen til å få med seg rusk og rask frå havbotnen. Kilometerlange liner med over 4000 krokar går langs havbotnen. Resultatet er ikkje berre fisk, men også enorme mengder søppel.

– Avfallet varierer, i nærleiken av oljeplattformer er det mykje filler, rusk og rask som er kasta på sjøen frå plattformene. Utanfor fjordane finn vi store mengder plast som har drive ut mot havet, på fiskefelta finn vi havarerte fiskereiskap, forklarar Ervik.

Søppel frå havet

TRIST: Dette er kvardagskost for linefiskarar på havet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ryddeaksjon på havet skal få vekk svineri

Gjennom aksjonen "Fishing for litter" skal fiskarane få levere avfall dei finn på havet gratis. Gjennom året kostar det fort 40 000 i året å levere andre sitt søppel på land. No slepp fiskarane kostnaden.

Frode Refvik og Stig-Jarle Ervik

VIL HJELPE: Frode Refvik (t.v.) i Måløyterminalen er nøgd med at fiskarane no kan få sleppe å betale avfallsgebyr for andre sitt boss.

Foto: Harald Kolseth / NRK

"Fishing for litter" er ein internasjonal dugnad som dukkar opp stadig fleire stadar i Norge. Den skal gjere det enkelt og gratis for fiskarane å kvitte seg med søppelet dei får om bord.

Frode Refvik i Måløyterminalen er klar til å ta i mot avfall:

– Det er mykje svineri som ligg i Nordsjøen. Fiskarane gjer ein kjempejobb når dei tek det med seg på land, og no skal dei sleppe å betale for det sjølve. Det gjer jo det endå meir positivt og motiverande, seier Frode Refvik.

Ikkje kjekt å betale for andre sitt boss

Ervik seier innsparinga for deira del kjem raskt på nærmare 40 000 kroner.

– Det er ikkje kjekt å måtte betale for andre sitt boss. No blir det enklare og kjekkare å ta vare på ting som ikkje er vårt eige, seier Ervik.

Ervik trur medviten forsøpling frå fiskeri- og oljenæringa i Norge i dag er minimal, men det tek tusenvis av år å bryte ned søpla som alt ligg der.

– Ein linebåt er eit godt ryddereiskap i alle fall. Eg trur folk er blitt meir bevisste, vi ser at det er gammalt søppel, seier Ervik.