Hopp til innhold

– Tiltaka mot feilmedisinering av eldre har vore for tafatte

Kvar fjerde sjukeheimspasient slit med biverknadar av medisinar dei ikkje skulle tatt. – Det hastar å ta tak i dette, og det held ikkje å be legane skjerpa seg, seier nestleiaren av helsekomiteen.

Eldre kvinne

UNØDVENDIG: Eldre menneske får oftare og kraftigare biverknader av medisin enn yngre pasientar. Biverknader av antidepressiva kan vere svært kraftige. (ILLUSTRASJONSFOTO)

Foto: Frank May / NTB scanpix

– Dette er sletthendt omgang med medisinar og vi treng betre rutinar, seier stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp).

NRK skreiv førre veke at ein fjerdedel av alle sjukeheimspasientar går på antidepressiv medisin utan å ha diagnosen depresjon. Mange slit med alvorlege bivirkningar av medisinen dei ikkje skulle ha.

Funna forundrar derimot ikkje Toppe, som er nestleiar i helsekomiteen på Stortinget.

– Dette har pågått over fleire år, men tiltaka som har vore gjort har ikkje verka. Dei har vore for små, seier Toppe.

Ho trur ikkje funna til forskar Kristina Iden er unikt for sjukeheimane som har vore forska på.

Kjersti Toppe

HELSEKOMITEEN: Stortinget skal behandle eigne tiltak om legemiddelbruk i sjukeheimar til hausten. Kjersti Toppe i Senterpartiet er nestleiar i helsekomiteen.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Ein fjerdel slit av feilmedisinering

Iden er spesialist i allmennmedisin og forskar ved UniResearch Helse. Ho fann at ein fjerdedel av pasientane slit med biverknadar av medisin dei eigentleg ikkje treng.

– Viss du ikkje har sjukdommen, så treng du ikkje medisin for den. I tillegg til at det ikkje har nokon funksjon, så har det biverknadar – og det finst mange biverknader, seier Kristina Iden, legen og forskaren bak doktorgraden.

KRISTINE IDEN

Forskar ved Uni research helse og allmennmedisinsk forskingseining, Kristine Iden.

Foto: Uni RESEARCH HELSE

– Det er mykje tilfeldig diagnostikk, og medisinen vert gitt for enkelt. Det er uetisk og feil overfor pasienten, seier Iden.

Krev at legane tar tak

Fylkeslege i Hordaland, Helga Arianson, seier eldre er meir utsett for biverknader enn dei yngre. Ho krev at sjukeheimslegane gjer ein betre jobb med kvar enkelt pasient.

Helga Arianson

Helga Arianson, fylkeslege i Hordaland.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Dette er eit tema vi tek opp fleire gonger med sjukeheimslegar og tilsette på sjukeheimane. Ingen skal bruke eit legemiddel utan at det er heilt nødvendig, slår Arianson fast.

Arianson fortel at det jamleg kjem klagesaker om for stor medisinbruk, og at det blir gjort tilsyn ved sjukeheimane.

– Ikkje godt nok

– Det held ikkje å seie at legane må skjerpa seg. Vi treng nye rutinar, seier Toppe.

Å be legane ordna opp har ikkje fungert tidlegare. No arbeider helsekomiteen med fleire stortingsmeldingar som skal rydde opp i eit omfattande problem.

– Eitt av tiltaka er betre legedekning som hevar den faglege vurderinga bak medisinering, seier Toppe.

Lista over nye tiltak er lang, men Stortinget skal likevel ikkje handsame forslaga før til hausten. Sjølv om det, ifølgje Toppe, hastar å få bukt med problemet.

– Overmedisinering er akkurat like alvorleg som undermedisinering, og det har mykje å seie for den enkelte.