- Organisasjonane burde seriøst drøfte å stå over lønstillegg, seier Felde.
Store innsparingar må til om Gloppen kommune skal greie å levere eit balansert budsjett for 2005. På same tid som kommunen sitt forbruk må skjerast drastisk ned, oppnår dei tilsette gode tillegg etter haustens lønsoppgjer, melder Firda Tidend.
Etatleiarane åleine har fått 25.000 kroner kvar i lønstillegg, og tilsette i fleire andre yrkesgrupper har fått tillegg oppunder 20.000 kroner.
Åslaug Krogsæter. NRK-arkiv.
– Sterkt usamd
Leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Åslaug Krogsæter, representerer ei yrkesgruppe som har fått lønsauke i haust. Ho er sterkt usamd i at arbeidstakarane må ta omsyn til kommuneøkonomien i sine forhandlingar.
– Arbeidstakarar i offentleg sektor har krav på ei lønsutvikling på lik linje med dei i privat sektor. Det kan ikkje vere rett at vi skal bere byrdene med at regjeringa prioriterer høgare verdiskaping i privat sektor enn i offentleg, seier Krogsæter.