Hopp til innhold

– Ti millionar er Mikke Mus-pengar

Professor ved NHH i Bergen meiner kommunen kunne fått det tidoble for å tillata reklameplakatar på haldeplassar og Bybanen.

Tor W. Andreassen

Professor Tor W. Andreassen ved NHH meiner kommunen kan bli sittande med svarteper. I debatten på Litteraturhuset i går kveld argumenterte han med at byrommet er ein reklameplakat i seg sjølv.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Kjære vene, vakre folk. Det er snakk om 10 millionar kroner, er ikkje byrommet i Bergen meir verd?, spurt Oddny Miljeteig i SV under debatten på Litteraturhuset i går kveld.

Byrådspartia møtte kraftig motbør under møtet. Fleire meiner kommunen sel byrommet i Bergen for småpengar.

Om det skal bli reklame i gatene i Bergen er noko som engasjerer mange. I desember gjekk fylkestinget inn for reklame på kollektivtrafikken. Saka må vedtakast i bystyret, og det er venta at den kjem opp i starten av februar.

Reklame på Bybanen

Slik kan det bli sjåande ut med reklame i byrommet i Bergen sentrum. Her eit bybanestopp.

Foto: sm

– Mikke Mus-pengar

Professor Tor W. Andreassen ved NHH var til stades under debatten på Litteraturhuset. Han uttalte seg slik om dei 10 millionane kommunen skal ha årleg for reklameplakatar på haldeplassar og Bybanen.

– 10 millionar kroner tykkjer eg eigentleg er Mikke Mus-pengar.

Til NRK utdjupar han at kommunen kunne ha kravd enno meir, kanskje det tidoble.

– Burde det vore 20 millionar kroner, 50 millionar kroner og kanskje 100 millionar kroner? Får kommunen verkeleg det dei burde få, spør Andreassen.

Meiner byrommet er reklame i seg sjølv

Han meiner kommunen kan bli sittande med svarteper. I debatten argumenterte han med at byrommet er ein reklameplakat i seg sjølv.

– Å jobbe systematisk med å gjere Bergen til ein turistmagnet vil generere atskilleg meir inntekter til kommunen gjennom skatteinntektene. Ringverknadene vil vere mykje større enn desse sølvpengane frå Clear Channel, meiner han.

– Får gode tenester

Charlotte Spurkeland

Charlotte Spurkeland (H).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Charlotte Spurkeland er bystyrerepresentant for Høgre og stilte også til debatt i går kveld. Ho peikar på at 14 av 15 store byar i Norge har reklame.

– Til og med raudgrøne Trondheim har det. Det er mange byar som har vist at dei kan bruke det på ein fornuftig måte, sa ho.

– Eg trur ein kan bruke ulike midlar for å til gode tenester. I dette tilfelle er det snakk om få busskur, offentlege toalett og bysyklar. Eg trur ikkje reklamen vil ha den effekten på byen som SV teiknar med sitt skremselsbilete.