– Sylvi er ei lysande stjerne! Ho står rakrygga i debatten. Vi må sende ho ein stor takk.
Det sa leiar Ernst Veum i Luster Frp på talarstolen under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Framstegsparti på Skei.
LOVPRIST: Integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) blir hylla av sine partifellar i Sogn og Fjordane.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpixEit samla fylkeslag strøymer over av lovord, beundring og respekt for integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp).
Ho har stått for ei hard linje i asyl- og integreringspolitikken i Noreg.
Ei fersk meiningsmåling synte at ho ikkje berre er populær hjå sine partifellar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Blomar på vegen
Under den politiske debatten tok ei rekkje medlemmar av grasrota i partiet ordet for å hylle Listhaug.
BEUNDRAR DEN DAMA: Partiveteran Svein Hansen i Selje Frp hyllar Sylvi Listhaug.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK– Eg vil at fylkeslaget skal sende Sylvi dei blomane ho treng på vegen vidare. Denne dama beundrar eg, sa partiveteran Svein Hansen frå Selje Frp.
Sentralstyremedlem og stortingsrepresentant Helge André Njåstad seier partiet sét pris på lovorda til ein av statsrådane.
Står i stormen
VELFORTENT: Sentralstyremedlem Helge André Njåstad i Frp synest rosen til Listhaug er på sin plass.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK– Det er veldig hyggeleg at Sylvi får skryt frå grasrota. Det er gjerne på sin plass med tanke på den stormen ho står i. Det varmar heilt sikkert.
– Skapar de problem for dykk på Stortinget som skal samarbeide med KrF og Venstre at ho er så hard i asylpolitikken?
– Nei. Det er eit problem for oss at parti som har vore med på forlik snur 180 grader. Men det er ikkje Sylvi sitt ansvar at andre parti meiner ein ting i desember og noko anna i februar, seier Njåstad.
Surt samarbeid?
Fylkesleiar Lars Svein Drabløs fortel kvifor det var viktig for dei å gje si støtte til Listhaug:
– Ho står for den klare talen som har vore partiet sitt varemerke i alle år. Ho er roleg, beherska og tek debatten med eit smil. Før ho klinkar til med Frp sin politikk.
– Ho blir skulda for å vere unødvendig hard i retorikken og for å ha forsura samarbeidet med KrF og Venstre. Kva seier du til det?
– Det er slik at for å få fram ein bodskap må du spisse uttalane dine litt. Det har ho gjort. Vi må ha ein berekraftig innvandringspolitikk. Og eg trur når partia får forhandla så vil dei bli einige til slutt.
VAREMERKE: Klar tale om innvandring er eit varemerke for Frp, meiner fylkesleiar Lars Svein Drabløs i Sogn og Fjordane Frp.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKOpphavleg låg det tre resolusjonsforslag om at alle asylmottak skal gjerast om til lukka mottak, at Norge bør ut av delar av Schengen-avtalen, og at asylsøkarar og kvoteflyktningar berre skal ha mellombels opphald. Desse tre vart trekt til fordel for den vedtekne støtta til Listhaug.