Hopp til innhold

– Strenge utsleppskrav kan vere kjempemoglegheit

– Nye og strengare krav til cruiseskipa som kjem til Noreg, vil vere ein kjempemoglegheit for verksemdene langs kysten, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF).

Tore Storehaug (KrF)

MILJØKRAV: Tore Storehaug er stortingsrepresentant for KrF.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Kvart år kjem om lag 150 cruiseskip berre til Flåm i Sogn og Fjordane. Skipa slepp ut store mengder helsefarleg NOx-gass.

Før helga handsama Energi- og miljøkomiteen spørsmålet om utslepp. Fleirtalet i komiteen går inn for strengare utsleppskrav i verdsarvfjordane frå 2026, og i alle norske fjordar frå 2030, skriv Teknisk Ukeblad. Men strengare krav kan også vere ein gyllen sjanse for næringslivet, meiner Storhaug, som høyrde til fleirtalet i komiteen.

– Og kanskje spesielt her i Sogn og Fjordane. Ta til dømes Brødrene Aa i Hyen som er verdsleiande på å utvikle nullutsleppsløysingar til båtar som kan gå i verdsarvfjordane. Dette er ein viktig moglegheit til å styrke dei klyngene vi har langs kysten, seier Storehaug.

Viktig for statusen

Cruiseturismen er i dag svært viktig for næringslivet langs verdsarvfjordane. Berre i fjor omsette reiselivsnæringa i Flåm for 700 millionar kroner. Men cruiseturismen er under i press. I mai i 2017 kom ein statleg rapport som synte at utslepp frå gamle cruiseskip i periodar bidreg til helsefarleg luftkvalitet i dei to verdsarvområda Flåm og Geiranger.

– Å gjere noko med utsleppa er viktig for miljøet i fjordane. Det vil og vere viktig for statusen til verdsarvfjordane. Det må vere slik at det berre er dei beste og mest miljøvenlege skipa som kjem til Noreg, seier Storehaug.

Berre dei mest miljøvenlege

Onsdag 3. mai skal klimameldinga handsamast i Stortinget, og då vert dei nye og strengare krava til utslepp i norske fjordar ein del av diskusjonen.

Før helga gav Energi- og miljøkomiteen regjeringa pålegg om å greie ut krava til utslepp av såkalla svartvatn og gråvatn.

– Det betyr at dei no skal sjå på forskrifter som gjer at berre dei mest miljøvenlege skipa kan gå langs norskekysten, seier Storehaug.

I tillegg meiner Energi- og miljøkomiteen at det også er viktig å stimulere dei alternativa som finst i dag. Blant anna ynskjer dei ei tydlegare hydrogensatsing, der Noreg kan samarbeide med land i Norden.

– Naturen vår er uerstatteleg. Den må vi ta vare på. Då må vi gå føre og stille krav til dei aktørane som ynskjer å nytte seg av den, seier Storehaug.