Hopp til innhold

– Straumbrukarane vil få rekninga

ØYSTESE (NRK): Statnett bygde to kraftmaster på feil grunn. No ynskjer eigarane ein sekssifra sum i kompensasjon, men det vil ikkje selskapet betale.

Statnetts Svein Erik Fjellstad

SKAL RIVAST: Statnetts Svein Erik Fjellstad peikar på éi av dei to mastene som skal rivast.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Tidlegare fortalde NRK om Statnett som bomma med hundre meter då dei bygde mastene mellom Simadal og Samnanger.

Statnett oppdaga aldri at Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) hadde justert traseen etter innspel frå tre grunneigarar.

– Først fekk me ikkje fem øre for feilen. Det er urettvist, seier grunneigar Atle Aalvik.

Årelang kamp

Statnett har tilbydd hundre tusen til dei tre grunneigarane på deling. Eigarane krev hundre tusen kvar, som plaster på såret for at kraftmaster var plasserte feil like ved Nystøl nord for Øystese.

Statnett hadde ikkje fått med seg endringa i konsesjonsvedtaket frå NVE. Difor viste planteikningane til Statnett at traseen skulle følgja den originale konsesjonen.

Grunneigarane kjempa i fleire år for å påvisa feilen som var gjort. Dei tykkjer det difor er skuffande at Statnett ikkje legg meir pengar på bordet for å bøta for feilen.

– Statnett tok seg til rette på vår eigedom. Me er ikkje nøgde med kompensasjonen Statnett tilbyr, seier Aalvik.

Redd for å skapa presedens

Grunneigarane har bede om hundre tusen kroner kvar i oppreisning, medan Statnett vil fordela den sekssifra summen på alle dei tre grunneigarane.

Selskapet er redd høge erstatningssummar vil skapa nasjonal presedens i liknande saker.

– Me har alltid som mål om å komme til ein rimeleg avtale med alle, men vi må halde oss på eit på akseptabelt nivå, seier konserndirektør for bygg og anlegg i Statnett, Elisabeth Vardheim.

master

GRUNNEIGAR: Atle Aalvik nord for Nystøl i Øystese, der éi av tre nye master skal byggjast. Masta til høgre skal rivast og ei ny skal byggjast der grunneigaren står.

Foto: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRK

Feilaktig plassert

Statnett bomma med hundre meter då dei bygde mastene i Hardanger. No må dei ut med 30 millionar for å byggja to master på nytt.

Arbeidet med å flytta linja starta førre veke.

– Ein eventuell kompensasjon skal nyttast til å byggja nye vegar i området, fortel Aalvik.

I tillegg meiner han grunneigarane bør kompenserast for tort og svie.

Først etter fire år fekk grunneigarane tilbod om kompensasjon for dei feilplasserte mastene.

– Statnett har ikkje kome oss i møte med noko tilbod tidlegare. Når tilbodet først kjem, burde det ha vore betre, meiner Aalvik.

Kraftmaster i Hardanger, Nystøl

MÅ FLYTTAST: Masta i biletet ligg for nære Nystøl i Øystese. Traseen skal flyttast hundre meter bak, slik at ho ikkje vil verta synleg frå stølen. Prisen vert 30 millionar kroner.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Straumkundane må ta rekninga

Statnett understrekar at selskapet inngår mange liknande avtalar, og har trua på at partane vil verte samde.

– Det er difor naudsynt å halda kostnadene på eit akseptabelt nivå. Vi oppfattar forhandlingane som positive og at vi framleis er i dialog, seier Vardheim.

Vardheim avviser at grunneigarane kan rekna med å få så mykje meir frå Statnett.

– Rekninga er det jo til slutt me som straumkundar som faktisk må ta, seier ho.