– Store skader

BKK prøver no å finne årsaka til den tekniske svikten som førte til ein eksplosjon i Dolvik transformatorstasjon søndag. Hendinga førte til at 22 000 kundar mista straumen i fleire timar. – Det er betydelege skader på transformatorstasjonen og vi vil gjere reparasjonar i løpet av veka, fortel kommunikasjonssjef Kirsten Øystese, i BKK.