Hopp til innhold

– Stor fare for transportstreik

– Streikeviljen er stor, seier tillitsvald i Sogn og Fjordane transportarbeiderforening, Inge Johan Kirketeig.

Meklinga i lønsforhandlingane for buss- og godssjåførar starta i går, og fristen går ut søndag.

I Sogn og Fjordane vil 70 godssjåførar i selskapet Transferd bli tekne ut dersom meklinga ikkje fører fram.

– Ein eventuell streik vil merkast ved alle varene som ikkje vert levert. Transferd leverar mykje matvarer i frå Bergen og Oslo, seier Kirketeig.