EU-kommisjonen vil forby fiske av torsk i Nordsjøen. Dei lyttar til Det internasjonale rådet for havforskning som seier torsken er i ferd med å verte utrydda, og kommisjonen vil stogge fisket for å byggje opp att bestanden.
Nils Myklebust meiner EU bit seg sjølv i halen i denne saka. Om fiskarar innan EU tek opp torsk etter at kvoten deira er fylt opp, får dei ikkje ta fisken til lands.

Nils Myklebust. NRK-foto.
Ein dråpe i havet
Regelverket i EU fører difor til at EU-flåten hiv tonnevis av daud torsk på sjøen. Eitt år heiv EU-flåten 39.000 tonn daud torsk, og i eit slikt perspektiv meiner Myklebust den norske kvoten på 4600 tonn er ein dråpe i havet.
– EU må lære av den norske måten å forvalte fisken på. All fisk som blir fanga må bringast til lands og avreknast i kvoterekneskapen. Då fyrst får ein reell kontroll med uttaket, seier Myklebust.
Råkar alt fiske
Myklebust meiner at eit totalforbod mot torskefiske inneber å stenge av Nordsjø-bassenget for alt fiske, fordi torsk er bifangst ved alt fiskeri der.