– Dersom staten sjølv måtte ta utgiftene, ville staten i mykje større grad ha vurdert om det var mogleg å gjere viktige funn eller ikkje. Når private verksemder tar utgiftene blir det i for mykje graving, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
Kulturminnelova stiller krav om arkeologiske utgravingar i Noreg. Medan vanlege privatfolk med hage og tomt slepp å betale noko for arkeologiske utgravingar, stiller det seg annleis for kommersielle føretak. Bønder som skal nydyrke meir enn 15 dekar og andre næringsdrivande må som hovudregel sjølv koste dei arkeologiske utgravingane.
– Det er ofte økonomisk pressa verksemder i distrikta som blir pålagde ekstrautgifter med arkeologiske utgravingar. Det må bli slutt på denne urettvise ordninga, seier Felde.
Medan privatpersonar slepp å punge ut for arkeologiske utgravingar, må næringsdrivande ofte dekkje dei store utgiftene sjølv. Her ser vi frå ei arkeologisk utgraving på Giske i Møre og Romsdal.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKDømd til fengsel
Bjarne Henry Hole frå Byrkjelo vart nyleg dømd til fengsel på vilkår og til å betale ei bot på 40.000 kroner for å ha grave i freda kulturminne på eigedomen sin. Skulle Hole ha følgt pålegget frå staten om arkeologiske utgravingar, måtte han ha punga ut nær ein million kroner i samband med utviding av traktorverkstaden sin.
Hole sin advokat, Jan Kildahl, støttar Felde og Bondelaget.
– Når storsamfunnet har behov for å ta vare på historiske verdiar, må det betalast av fellesskapet. Hadde staten dekt utgiftene, ville Hole sjølvsagt gjennomført arkeologiske utgravingar.
– Men hadde det ikkje vore betre at Hole betalte for arkeologisk utgraving, slik alle andre må?
– Vi har eit system som pålegg Hole å betale for utgraving, ikkje berre den delen som er naudsynt for Hole, men han må betale for utgraving av heile området. Med kostnader nær ein million kroner blir det vanskeleg å få eit økonomisk lønsamt prosjekt, seier Kildahl.
SINT: Domen for brot på Kulturminnelova er både urettferdig og øydeleggjande, skriv Bjarne Henry Hole i ein e-post til NRK.
Foto: Svein Heggheim, FirdaForstår frustrasjon
Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar (V), forstår at enkelte opplever det urettferdig at dei næringsdrivande sjølv hovudsakleg må betale for arkeologiske utgravingar. Samtidig kan han ikkje love at ordninga vil bli endra.
– Klima og miljøministeren har sett i gang ein prosess der det skal sjåast på heile kulturminnefeltet. I denne samanheng vil det bli sett på kven som skal betale for arkeologiske utgravingar. Til sjuande og sist blir det opp til Stortinget å avgjere dette, seier Hamar.
HAR FORSTÅING: Statssekretær Atle Hamar (V) forstår at det kan opplevast urettferdig at næringsdrivande må betale for arkeologiske utgravingar. Samtidig kan han ikkje love at regelverket blir endra.
Foto: Snorre Tønset / KLD- Les også:
- Les også: