Hopp til innhold

– Staten er som ei språkleg sinke

Nynorsk på statlege nettsider er det lite av. Faktisk så lite at staten bryt si eiga mållov. – Statens er ei språkleg sinke som bryt si eiga lov, meiner rådgjevar ved Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Rune Timberlid

SKUFFA: Rune Timerlid langar ut mot sin eigen arbeidsgjevar og meiner staten er ei språkleg sinke.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Rune Timberlid som er seniorrådgjevar ved tilsynet er ikkje nådig i sin kritikk.

Ved inngangen til Språkåret 2013 syner nemleg ferske tal at knapt ti prosent av dei statlege nettsidene er på nynorsk. Målet er på 25 prosent, og Timberlid er skuffa over sin eigen arbeidsgjevar.

– Dei er ei sinke i arbeidet med å gjennomføre den språklege likestillinga som mållova slår fast at vi skal ha her i landet, kort og godt.

– Det er berre å lese statistikken, så ser ein det, seier Timberlid til NRK.no.

Bryt si eiga lov

Onsdag denne veka opna kulturminister Hadia Tajik Språkåret 2013 . Blant måla for språkåret er det å «Skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept for den språkdelte norske kulturen», og «Gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen».

Men samtidig som kulturministeren opna Språkåret 2013 med brask og bram ligg ein heller negativ rapport på skrivebordet hennar. Den fortel at staten bryt mållova på ei rekkje punkt.

Timberlid er oppgitt over det som kjem fram. Mellom anna går det fram at berre 12 prosent av innhaldet på statlege nettsider er skrive på nynorsk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nynorsk på Lotteritilsynet sine nettsider

NYNORSK: Lotteritilsynet er blant dei få statlege tilsyna som greier målet om minst 25 prosent nynorsk på sine nettsider.

Foto: Skjermdump

– Dette er alvorleg

– 60 store statlege institusjonar har mindre enn fem prosent nynorsk på nettsidene sine, og det er etter mitt syn alvorleg.

– Nettopp fordi nettet har blitt den viktigaste kommunikasjonskanalen mellom staten og innbyggjarane, seier Timberlid.

På Språkrådet sine sider står det mellom anna dette om språkkrava som er sette til staten sine nettsider.

Rundskriv V-14N/2006

«[...] Vi ber alle [sentrale] statsorgan gå gjennom måljamstillingsarbeidet sitt. I første omgang må ein prioritera å koma opp i minst 25 pst. nynorsk i det informasjonstilfanget som blir lagt ut på Internett. Det er i stortingsmeldinga vist til at nettstaden eller heimesida på mange måtar er det andletet som institusjonen viser fram for omverda. Her er det derfor særleg viktig at den nynorske målforma er godt synleg. [...]»

– Sjefane må ta det på alvor

Men Timberlid sitt Lotteritilsyn, med base i Førde, er eitt av yttarst få som greier målet om minst 25 prosent nynorsk på nettsidene sine.

– Eg vil tippe at vi er det einaste statlege tilsynet som har fått refs av språkrådet fordi vi har for lite bokmål, seier han litt lattermild.

På spørsmål om løysinga er å flytte fleire tilsyn ut i område der nynorsken står sterkt svarar Timberlid slik.

– Nei, men dei må ha sjefar som tek dette på alvor. Dette må vere forankra leiarnivå.

– Om ikkje direktørar og sjefar tek dette på alvor, kvifor skal då folk nedover i organisasjonen gjere det, spør Timberlid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arnfinn Muruvik Vonen

FORSTÅR DET IKKJE: Direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, forstår ikkje kvifor dei statlege organa held fram med å bryte si eiga mållov.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

– Vrange leiarar har skulda

Det er Språkrådet som har granska staten sin nynorskbruk, og direktør Arnfinn Muruvik Vonen er skuffa over at det på nytt kjem fram at statlege organ er for lite flinke til å nytte seg av nynorsk.

– Vi hadde eit håp om at ting hadde betra seg sidan det har blitt meir merksemd kring dette. Mellom anna i form av ei auke i talet på klagesaker, seier han til NRK.no.

Han seier det er mykje som tyder på at mellom anna vrangvillige leiarar er skuld i lovbrota.

– Det skortar både på leiarane si vilje til å ta ansvar for dette, det skortar på kompetanse i nynorsk hos dei tilsette og det skortar på rutinar for korleis ein skal jobbe med målbruk i kvardagen, seier han.

– Kva synest du om at staten år etter år bryt si eiga mållov?

– Eg synest ikkje noko særleg om det. Det er ikkje så lett å forstå at det skal vere så vanskeleg for staten sine eigne organ å følgje dei retningslinjene som staten sjølv er ansvarleg for.

Ventar meir av staten

Timberlid er heilt klar på at han ventar meir av staten i tida framover.

– Er det nokon som bør følgje lovene, så er det staten, seier han.

Kulturdepartementet har førebels ikkje hatt høve til å kommentere saka overfor NRK.