Hopp til innhold

Mange skip kjem til å segle rett forbi prestisjetunnel

Regjeringa skal byggje ein gigantisk tunnel gjennom fjellet til 3 milliardar kroner, men mange skip vil segle forbi Stad skipstunnel utan å bruke han.

Stad skipstunnel

IKKJE ALLE VIL BRUKE HAN: Mange større skip vil ikkje bruke Stad skipstunnel

Foto: Kystverket/Snøhetta

– Vi har så store båtar at det går ganske greitt i dag. Sjølvsagt kan det hende vi fer igjennom tunnelen på dei verste dagane, når han først er der, men det er ikkje noko som er veldig relevant for oss, seier Tom Inge Vetrhus, dagleg leiar i Fjord Shipping.

Reiarlaget Fjord Shipping i Måløy eig kring 20 skip i storleiken frå 80 til 110 meter. Vetrhus seier at dei ikkje er avhengige av ein tunnel gjennom fjellet for å kome seg forbi stadhavet.

Denne veka vart det klart at Framstegspartiet pressa regjeringa til å byrje bygginga av Stad skipstunnel neste år, eit prosjekt som vil koste meir enn tre milliardar kroner.

Tunnelen gjer at skip og båtar kan sleppe å segle på det segnomsuste Stadhavet, som vert rekna som det farlegaste havstykket i Noreg.

Prosjektet har vore omtala heilt sidan krigen, men sidan den gong har skipa som fraktar fisk og godsa langs kysten blitt stadig større og større.

Mange av desse båtane er så store at dei ikkje treng tunnelen.

Hurtigruten vil ikkje bruke tunnelen

Frå før er det kjent at Hurtigruten ikkje kjem til å bruke tunnelen, men no syner det seg altså at også betydeleg mindre skip enn det kjem til å segle rett forbi prestisjetunnelen.

– Tunnelen vil ikkje ha noko innverkand på drifta vår, for når du kjem opp i storleiken 80 meter, så er ikkje Stadhavet noko særleg problem, seier Vetrhus i Fjord Shipping.

Han understrekar at han likevel er positiv til prosjektet, fordi han trur det vil skape positive ringverknader i næringslivet som brukar mindre båtar, som til dømes oppdrettsnæringa.

Dagleg leiar i Måløy Vekst Randi Paulsen Humborstad meiner at det ikkje er eit stort poeng at Fjord Shipping ikkje kjem tikl å bruke tunnelen.

– Stad skipstunnel vert bygd for nærskipsfarten, og har aldri vore tenkt til større båtar. Stadhavet er eit kritisk passeringspunkt for fiskebåtar, brønnbåtar, servicebåtar, slepebåtar, containerskip og hurtigbåtar. Berre med ein skipstunnel gjennom Stad vil ein kunne etablere ny samanhengande hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund. Det vil knyte saman regionar og det vil bli mogleg å dagpendle mellom kommunane nord og sør for Stad

– Stad skipstunnel er sløsing

Men journalist og kommentator i avisa Dag og Tid Jon Hustad seier at det at dei større båtane ikkje treng tunnelen, bidreg til å gjere prosjektet samfunnsøkonomisk ulønnsamt.

– Samfunnsøkonomisk er det galskap. Det blir veldig, veldig dyrt, og det er ikkje dette Noreg bør bruke pengar på, seier Jon Hustad.

Hustad har sjølv segla på Stadhavet fleire gonger i ein mindre båt, og han har planar om å ta turen gjennom tunnelen når han er klar.

Problemet slik han ser det, er at det stort sett er mindre skip og båtar som kjem til å bruke tunnelen.

– Det er særleg båtane til oppdrettsnæringane denne tunnelen kjem til å bli brukt av. Det er slik ei subsidiering av ei allereie vanvettig lønsam næring, seier Hustad.

Kommentatoren lenar seg også på ein rapport frå 2018 som slår fast at Stad skipstunnel ikkje er lønsamt for samfunnet.

Hurtigruten

TRENG IKKJE TUNNELEN: Hurtigruta er blant dei skipa som ikkje kjem til å bruke Stad skipstunnel

Foto: Hurtigruten

Ordførar: – Hustad har sete for lenge i Oslo

Ordførar i Stad kommune Alfred Bjørlo frå Venstre er ikkje imponert over argumentasjonen til Hustad.

– Dette er berre vrøvl frå Jon Hustad. Eg trur han har sete for lenge åleine på eit mørkt kontor i Oslo, han kjenner ikkje til næringslivet på kysten og korleis det utviklar seg, seier Bjørlo.

Han meiner at skipstunnelen på Stadlandet vil skape store ringverknader i næringslivet, og at samfunnet vil tene inn dei tre milliardane det kostar å byggje han.

– Båtar i alle slags storleikar vil bruke tunnelen, og han vil knyte saman området langs kysten på ein heilt ny måte, seier Bjørlo.

Han trekkjer særleg fram at tunnelen vil opne opp for ei snøggbåtrute mellom Bergen og Ålesund. I dag går ikkje ruta frå Bergen lenger nord enn til Selje.

7Gj0Y5WSJhQ

KRITISK: Jon Hustad er kritisk til at Stad skipstunnelen no blir realisert.

Foto: Paul Sigve Amundsen / NTB