Hopp til innhold

– Snøen har blitt til slaps

Skal du over fjellet i haustferien er den klare oppmodinga frå Vegtrafikksentralen å sko bilen med vinterdekk.

Sognefjellet

SLAPS: Slik ser det ut på Sognefjellshytta søndag ettermiddag.

Foto: Statens vegvesen

– Det er mindre snø no, men det betyr ikkje at det er mindre farleg. Det er framleis vinterdekk som gjeld og snøen som kom i går har blitt til slaps, seier Kristian Fauskan, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Denne veka er den første i haustferien for skulane på Austlandet og i Finnmark. Difor er det venta ein del trafikk mellom aust og vest i Sør-Noreg. Resten av landet har ferie veka etter.

Etter at snøgrensa tidlegare denne veka kraup heilt ned til 200 meter nokre stadar i Sør-Noreg har det no blitt varmare i lufta. Enn så lenge.

Snøgrensa ligg no på 800–1000 meter.

– Det er på dei aller høgste fjellovergangane nedbøren vil kome som snø. Då kryp snøgrensa gradvis nedover og gjennom søndagen vil den gå ned mot 800 meter. Det kan bli meir utfordrande att i morgon, men i dag er det litt mildare temperatur, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

Laster Twitter-innhold

Slik er det på fjellovergangane i Sør-Noreg, søndag klokka 14.37:

  • E16 Filefjell: Bert og vått.
  • E134 Haukelifjell: Bert og vått.
  • E6 Dovrefjell: Bert.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Bert og vått, fare for glatte parti.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Bert og vått.
  • Fv. 51 Valdresflye: Snø- og isdekke.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Vekslande snø- og isdekke.
  • Fv. 55 Sognefjellet: Open, men stenger frå kl. 20 søndag til kl. 08 måndag.
  • Fv. 63 Geiranger–Langvatn: Nattestengt frå kl. 20.