Garden til Inge Rolf Torstad blir bandlagd
– Smitten vart påvist i ein rutinekontroll 6. april, seier distriktsveterinær Olav Hermansen. Til no er det berre påvist smitte på eitt av dei 19 dyra i buskapen til Torstad.
Blir avliva
Garden til Torstad er no bandlagd, noko som inneber at det er innført strenge restriksjonar på livdyrsal og gjødselhandtering. Dyr som har fått påvist smitten og direkte avkom, blir avliva.
Svært sjeldan
Paratuberkulose er svært sjeldan i Norge, og på 90-talet er berre påvist ei handfull tilfelle. Sist gong den dødelege dyresjukdomen var påvist på storfe i Sogn og Fjordane var i 1979. Eitt av problema med å påvise paratuberkulose er at det kan ta svært lang tid før sjukdomen bryt ut. Arbeidet med å kartlegge kven som har kjøpt dyr frå garden der smitten er påvist dei siste 10 åra er i gang. Også desse gardane blir bandlagde. I fyrste omgang får dei pålegg om å slakte dyra dei har kjøpt.
Til no har ein klart å finne 30 kjøparar av livdyr – hovudsakleg i Sogn og Fjordane.