Hopp til innhold

Avgangselevane samla inn 820.000 kroner for bistandsarbeid i Etiopia

– Dette gjer meg og heile skulen veldig stolte, seier ein godt nøgd rektor Frode Bøthun ved Sygna vidaregåande skule i Balestrand.

Sygna-russen 2017

STOLTE: Det har vore ei meiningsfull russetid for avgangselevane ved Sygna vidaregåande skule. Gjennom skuleåret har dei samla inn 820.000 kroner til bistandsarbeid i Etiopia. Det gir 15.000 kroner i snitt per elev.

Foto: Gunn Berit Bøthun

Under avslutningsmiddagen i går avslørte dei 54 avgangselevane ved skulen at dei i løpet av skuleåret har samla inn 820.000 kroner.

Pengane skal mellom gi fleire ungdomar i Etiopia sjansen til å få seg utdanning.

– Det vart noko mindre enn fjoråret, men vi er utruleg stolte over det vi har fått til. Det har vore eit meiningsfullt avgangsår, seier Haakon Bleka, som saman med Malin Gjersvik har vore prosjektansvarlege.

Ville gi til bistand

Avgangselevane ved skulen har over fleire år hatt tradisjon for å samle inn pengar til bistandsarbeid gjennom Norsk Luthersk Misjonssamband. Det er dei som driv skulen.

I år går også delar av pengane til å gi kvinner i Etiopia tryggare svangerskap og til å gi Ts'amakkofolket bibelen på sitt eige språk.

– Russen var samd i at vi ville drive bistandsarbeid og at prosjekta i Etiopia var veldig fine. I mange skular er det opp til 60 elevar i klasserommet, men skulen vi støttar fokuserer på kvalitet framfor kvalitet, seier Bleka.

– Meiningsfullt

Saman med Gjersvik var Bleka til Etiopia. Der fekk dei stadfesta at behovet for hjelp er stort. Opplevingane gjorde inntrykk på dei to prosjektansvarlege, men også på medelevane i Balestrand.

Gjennom det årvisse misjonsløpet samla dei inn 650.000 kroner. Dei har også stått for arrangement som både bygda og elevar ved skulen har fått glede av.

– Eg trur nok arbeidet har sveisa oss mykje betre saman. Det er meiningsfullt, men også lærerikt. Du må tenkje sjølv og samarbeide for å kunne hjelpe, seier Bleka.

Stolt rektor

Totalt har innsamlingsaksjonane ved Sygna gjeve ti millionar kroner til bistandsarbeid. Av desse har avgangselevane siste to åra samla inn 1,6 millionar kroner. Slikt gjer ein rektor svært stolt.

– Men no tenkjer eg at vi er komne opp på eit nivå der vi ikkje kan vente å auke meir, seier Frode Bøthun og legg til:

– Dette viser at ungdomane evnar å sjå utover det som handlar om meg og mitt. Eg håpar dei tek med seg denne haldninga vidare.

– Det trur eg nok mange vil gjere, svarar Bleka.