Hopp til innhold

Eva Marie har lært opp 5000 sjukepleiarar: –Slik bør du vaske hendene

FØRDE (NRK): Det er ofte to fingrar mange av oss gløymer når vi vaskar hendene – tomlane.

Eva Marie Halvorsen

VIL HA GRUNDIG HANDVASK: Ved å vere litt meir bevisst på korleis du vaskar hendene, så vil det hindre Korona-smitte, seier tidlegare dekan Eva Marie Halvorsen.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

God handhygiene er eit av dei viktigaste tiltaka mot spreiing av det frykta koronaviruset.

Til saman har 169 personar testa positivt på koronavirus i Noreg. Helsestyremaktene skjerpar no tiltaka for å hindre smitte. Eit av tiltaka er å finne alternative løysingar til handhelsing.

Gjennom helga vart det presisert at dei nye tiltaka kjem i tillegg til det som kanskje er det viktigaste for å hindre smitte: God og grundig handvask.

Eva Marie Halvorsen er pensjonert dekan ved sjukepleieutdanninga hos Høgskulen på Vestlandet, og ekstra oppteken av handhygiene og førebyggande tiltak.

Vaskar hendene

TOMLANE: Det er viktig å passe på at alle fingrane blir vaska godt nok.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Gjennom yrkeskarrieren har ho hatt det faglege ansvaret for meir enn 5000 sjukepleiarstudentar.

– Handhygiene er det første sjukepleiarstudentane lærer. Det er noko av det viktigaste vi driv med, seier ho.

Dei viktigaste råda

Halvorsen meiner det er nokre grunnleggande tips mange gløymer når dei vaskar hendene:

  • Du må vaske hendene i minst 20 sekund.
  • Gni hendene godt, og gni mellom alle fingrane.
  • Ikkje gløym tomlane! Vi vaskar oss ofte i handflatene, og berre der.

SLIK SKAL DET GJERAST: Eva Marie Halvorsen viser korleis hendene bør vaskast.

Folkehelseinstituttet har også lagt ut ein fyldig oversikt på korleis ein vasker hendene. Her skriv dei at ein korrekt utført handvask tek mellom 40 og 60 sekund.

Halvorsen seier det er eit paradoks at mange brukar lang tid på badet, men ikkje på handvasken.

– Eg trur vi slurvar der. Difor må alle telje langsamt til tjue i hovudet når du vaskar hendene.

Ho støttar også dei innskjerpa råda for helsestyremaktene, som åtvarar mot helsing.

– Vi kan jo seie hei og smile eller løfte handa, er Halvorsen sitt forslag.

Ho seier det er viktig at folk no følgjer råda frå helsestyresmaktene, for å unngå ein alvorleg epidemi.

– Vi er i ein fase der vi skal førebyggje og unngå spreiing.

– Ikkje ein normalsituasjon

Helsedirektøren seier det alltid er viktig å lære seg gode rutinar for handvask, men at det er ekstra viktig no.

Bjørn Guldvog

STRENGARE TILTAK: Det er ekstra viktig å ha gode rutinar for handvask dei komande vekene og månadene, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Foto: NAINA HELEN JAMA

– Vi er vant til å ta ein kjapp handvask og berre skylje hendene under krana. I dei fleste situasjonar vi er gjennom i livet så er ikkje det så veldig farleg. Vi treng ikkje ein kirurgisk handvask kvar gong vi er ved vasken. Men når vi skal forsøke å overvinne eit virus, så har vi behov for å gjere dette grundigare, seier Bjørn Guldvog.

At råda om handvask no er så tydelege, forklarar han med erfaringar frå tidlegare sjukdommar.

– Vi har god kunnskap om andre sjukdommar, som influensa til dømes. Då er manglande handvask ein vanleg smitteveg. Frå hand til hand, di eiga hand til din eigen munn, auge eller nase. Det er ein vanleg smitteveg for influensa. Og vi trur også at det spelar ein vesentleg rolle i spreiing av korona-smitte.