Hopp til innhold

– Skuleveg med kriseruta er utrygg

Når skuleborna skal på og av passasjerbåten på Vangsnes, er det fare for å skli på fjorden, meiner foreldre på Vangsnes.

Skyssbåten Tornerose

KRISERUTE: Skyssbåten «Tornerose» syter for at folk i Vik kjem seg til og frå resten av fylket.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

På grunn av at riksveg 13 er stengd mellom Vik og Vangsnes dei neste dagane, er det sett opp passasjerbåt og ferje mellom Vik og Vangsnes frå onsdag morgon.

For skuleborna i Vangsnes som går på skule i Vik, er kriserutene einaste måten å kome seg til og frå skulen på.

Foreldre på Vangsnes er redde for tryggleiken til skuleborna i samband med kriserutene, fordi dei meiner ferjeanløpa ikkje er gode nok.

Tvilsam naudløysing

– Løysinga på anløpet på Vangsnes går på tryggleiken laus, seier John Harald Øksdal.

Han seier at dei på Vangsnes bruker ei kai av treverk, som i går var frose og glatt å gå på.

– Det er ikkje noko gjerde eller tryggleik i det heile. På fjære sjø vil den halle ganske ned mot sjøen, og då skal det ikkje så mykje til å ramle og dette på sjøen, seier han.

Øksdal seier at han forstår at dette er ein naudløysing, og at der difor er vanskeleg å få fullgode løysingar på plass.

Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese, har i ettermiddag evaluert det siste døgnet og gjort nokre endringar på båtrutene. Han meiner at utfordringa med passasjerbåten vart teken tak i i går.

– Sidan der var glatt, har båten no blitt utstyrt med strøsand, og dei som har organisert båttransporten, seier no at det er så trygt som ein kan forvente, seier rådmannen.

MF Sognefjord

Den gamle ferjebrua i Vik er enno brukande. Men når det fjørar ut i ettermiddag, kan det bli vanskelegare.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Gamal kai – gamal ferje

I tillegg til passasjerbåten går det òg ei ferje på strekninga.

Ferja MF «Sognefjord», som no går mellom Vik og Vangsnes er éi av få ferje i distriktet som kunne passe til brua i Vik. Ferja er ei ekstraferje, som ikkje går i rute til vanleg.

I dag går ferja totalt åtte gonger mellom Vik og Vangsnes, siste ferja går frå Vik 18.50. Etter dette går det passasjerbåt.

Sambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes har vore trafikkert av berre éi ferje frå klokka 08:30.

Slik er raset på riksveg 13

DIGRE STEINAR: Fleire steinar, på storleik med personbilar, dundra ned på riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes natt til tysdag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK