Hopp til innhold

– Vi høyrer framleis at det rasar i fjellet

– Situasjonen er så vanskeleg at det går ut over livskvaliteten til familien. Det går på helsa laus, seier Andreas Otterhjell i Fortun etter at fleire steinar kom ned fjellsida like ved huset hans.

Ras i Fortun

RASA NED: Steinane kom frå fjellet Hjorten. Deler av riksveg 55 fekk også skader.

Foto: Linn Therese Skagen

Laurdag ettermiddag kom ni store steinar buldrande ned fjellsida i Fortun i Luster. Dei største steinane var over tre meter høge. Steinane kom ned frå fjellet Hjorten. Området ligg rundt 200 meter frå Fortun kyrkje.

Andreas Otterhjell og kona bur like ved rasstaden. Dei hadde besøk, og fortel at dei blei skremde over det som skjedde.

– Det var skremmande då det rasa. Vi høyrer framleis at det kjem lausmasse ned frå sleppområdet. Kona mi søv ikkje så godt for tida, fortel han.

Har venta at geolog skulle komme

Dei er vane med at det rasar her, men på langt nær i slike dimensjonar som no. I helga tok dei kontakt med lensmannen, og han kom til staden for å sjå.

– Vi blei evakuerte og låg vekke ei natt. Lensmannen har gjort ein skikkeleg god jobb. Men eg hadde venta at det hadde kome geolog på staden for å sjå på forholda. Eg rekna med at nokon rykte ut når raset var så stort, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras Fortun

STORE STEINAR: Tre meter høge steinar kom rasande ned fjellsida i Fortun i Luster.

Foto: Privat / Privat

Har sendt førespurnad om NVE

Ras i Fortun i Luster

STOR RØYKSKY: Slik såg det ut då steinane kom nedover fjellsida.

Foto: Linn Therese Skagen

Leiar Jan Magne Svåi på eigedomsavdelinga i Luster kommune seier dei ikkje fekk melding om raset før søndag kveld.

– Då fekk vi ei offisiell førespurnad frå politiet om raset. Eg tok kontakt med lensmannen, og då fekk eg vite han var på veg til dei som hadde meldt raset. Det blei ikkje gjort noko meir frå kommunen si side då.

Sidan raset har hamna nær busetnad, er det NVE som på førespurnad frå kommunen skal sende geolog om det er naudsynt.

– I går tok vi kontakt med både NVE og vegvesenet. Vi sendte ein skriftleg førespurnad til NVE om synfaring sidan det har ansvar når det gjeld ras nær busetnad.

– Har kommunen fått melding frå folk om at det framleis rasar i området?

– Eg fekk beskjed i går om at lensmannen hadde blitt kontakt av folk som hadde høyrt stein.

Andreas Otterhjell i Fortun tykkjer det er bra at det no skjer noko.

– Eg er glad for at det er geolog på gang, seier han.

NVE sin geolog seier tysdag ettermiddag at dei skal på synfaring saman med Statens vegvesen, som skal vurdere vegen. Tidspunkt for synfaringa er førebels uklart.