– Skeive filmkarakterar er for få og stereotypiske

VERFTET (NRK): Regnbuedagene i Bergen arrangerer filmfestival for å retta opp det skeive inntrykket dei meiner kommersiell kino gir av skeive.

Filmskapar Magnus Mork og Bergen Filmklubb-leiar Vivill Talsnes under Skråblikk - Skeiv Filmfestival

DISKUSJON: Filmskapar Magnus Mork var til stades under «Skråblikk» på søndag for å delta i diskusjon om korleis homofile blir representert i film. Vivill Rysstad Talsnes leia samtalen etter siste filmvising.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Den 50 år lange homokampen har resultert i Pride-arrangement ulike stader over heile verda.

I samband med Regnbuedagene i Bergen, blir filmfestivalen «Skråblikk» arrangert av Bergen Filmklubb, Cinemateket og Bergen internasjonale filmfestival (BIFF).

– Skeive karakterar er ofte underrepresenterte i «mainstream» film, og ofte er rollene stereotypiske. Då er det bra å kunna ha ein festival som «Skråblikk» som kan visa fram andre sider ved tematikken, seier festivalsjef Joakim Aadland i Regnbuedagene.

Både søndag, måndag og tysdag blir det vist filmar på Cinemateket på Verftet i Bergen.

– Me har fokusert på historier som sjeldan blir fortalde i kommersiell kino, fortel Vivill Rysstad Talsnes, leiar for Bergen Filmklubb og programansvarleg for «Skråblikk».

Festivalsjef Joakim Aadland i Regnbuedagene i Bergen

FESTIVALSJEF: Joakim Aadland i Regnbuedagene i Bergen.

Fleire filmar enn før

Ho meiner framstillinga av homofile i kommersiell kino er for enkel og lite mangfaldig.

– Det er sjeldan ein får sjå gode, nyanserte filmar der det å vera skeiv berre er ein del av historia, i staden for heile historia. Ofte går alt gale fordi karakterane er skeive, eller så går alt bra trass i at dei er skeive.

BIFF-sjef Tor Fosse seier det har skjedd mykje, men ikkje nok, dei siste tiåra.

– Då eg kom inn i bransjen på slutten av 70-talet eksisterte filmane knapt. I dag har talet på filmar som handlar om LHBT-personar på ein meir truverdig måte nærast eksplodert. Men alt i alt er det framleis mange filmar som er for einspora, anten i negativ eller nedlatande positiv tyding, seier Fosse.

Vivill Talsnes

SNEVERT: Leiar i Bergen Filmklubb, Vivill Talsnes, meiner kommersiell kino er for lite mangfaldig i si portrettering av homofili.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Viktig med eit forum

Regnbuedagene i Bergen er den nest største Pride-festivalen i landet, etter Oslo Pride. Etter rekordstor parade i fjor, håpar festivalsjef Joakim Aadland i Regnbuedagene i Bergen på nærare 50.000 besøkande i år.

Sjølve paraden skjer laurdag 8. juni.

Aadland og Talsnes håpar filmfestivalen kan opna for diskusjon rundt den skeive filmbransjen, og at det kan gi folk eit innsyn i skeiv kultur.

– Regnbuedagene er viktig for å feira stoltheit av skeive liv og skeiv kultur. Det er viktig med eit forum der me kan diskutera rundt dette, seier Talsnes.

Bergen pride parade 2018

REKORD: Fjordårets Pride-parade i Bergen var rekordstor. Leiar Joakim Aadland håpar årets parade blir minst like stor. Regnbuedagene 2019 er 1. til 8. juni.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK