– Skatteforslag vil samle oppdrettsnæringa på færre hender

I dag kjem 7 av 10 matfisk frå dei største selskapa. Nye skattereglar kan samle oppdrettsnæringa på enda færre hender, åtvarar fleire.

Oppdrett

NYE REGLAR: Eit skatte forslag frå Solberg-regjeringa vidareført av Støre-regjeringa skapar uro blant mindre selskap i oppdrettsnæringa.

Foto: Tore Ellingseter

Fredag 26. november var ein rekorddag for fiskerinæringa. Då nådde eksportverdien av norsk sjømat toppen frå rekordåret 2019 – på 107,2 milliardar kroner.

Det som på 70-talet byrja som ei attåtnæring for kystbønder er i dag ein milliardindustri.

Samstundes har dei store selskapa tatt stadig større deler av fiskekaka.

1996 var nær to av ti matfiskar oppdretta av dei største verksemdene. I toppåret 2014 var den same delen sju av ti.

I kategorien «dei største verksemdene» inngår dei 10 selskapa som har seld mest laks og regnbogeaure i undersøkingsåret.

Sidan har talet stabilisert seg.

– Alt av statistikk og framskrivingar tilseier at vi vil få ei vidare nedgang i talet på små verksemder, seier Øyvind Kråkås.

Han arbeider i Havbrukspartner, ei konsulentverksemd som tilbyr rettleiing til havbruksnæringa.

Med nye reglar for verdifastsetting av oppdrettsløyve meiner fleire i næringa at lokale, familieeigde selskap vil få hardare medfart.

Med dei nye reglene vil selskap som ikkje er børsnoterte betale meir i formuesskatt.

Endringa kjem etter ein lang debatt om kva som er den beste måten å skattlegge laksenæringa på.

I 2019 foreslo Havbruksskatteutvalet å innføre ein skatt på overskot i havbruksnæringa, såkalla lakseskatt, på 40 prosent. Forslaget vart ikkje noko av. I dag er det berre olje- og vasskraftnæringa som betalar skatt på grunnrente.

Hopp på fleire millionar

Advokatfirmaet Thommessen har rekna på kva ein eigar av eit lokalt oppdrettsselskap med ti konsesjonar vil få i auka skatt frå 2022. Utrekninga på Kyst.no viser at formuesskatten årleg vil stige frå 2,3 til 15,7 millionar kroner.

Laksemilliardær Ola Braanaas varsla denne veka at han vil flytte til «skatteparadiset» Bø som følge av endringane.

Det vil ikkje Elin Tveit Sveen gjere. Ho driv familiebedrifta Marø Havbruk på øya Svanøy i Kinn kommune.

– Eg er altfor glad i Svanøy, ler ho.

Men ho er uroa for følgene skatteendringa vil ha for dei familieeigde selskapa og samfunna rundt.

– Oppdrettsnæringa har god inntening, kvifor kan ein ikkje betale denne skatten?

– Eg skjønnar godt at folk spør om det, seier Sveen.

– Vi betaler gjerne mykje skatt den dagen vi sel. Men så lenge vi er i full produksjon og sender overskot tilbake i lokalsamfunnet, må vi ikkje legge opp til eit system som fører til noko heilt anna.

Jon Eirik Tveit og Elin Tveit Sveen i Marø havbruk.

FAMILIEBEDRIFT: – Tredje generasjon er på veg inn i oppdrettsnæringa. Dei risikerer vi kanskje å miste, seier Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk. (Arkivfoto)

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Kan ikkje risikere distriktsarbeidsplassar

– Vi kan ikkje risikere mange distriktsarbeidsplassar på grunn av eit budsjettvedtak som ikkje er godt fundert, seier ordførar i Kinn, Ola Teigen (Ap).

Støre-regjeringa har vidareført skatteordninga som fyrst dukka opp i Solberg-regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Fylkesordførar i Vestland Jon Askeland (Sp) seier til NRK at han «ikkje kan skjønne at Erna Solberg hadde fantasi til å lansere eit så dårleg forslag».

Han vedgår saka er «krevjande» for Senterpartiet og ber Stortinget revurdere skattemodellen innan budsjettvedtaket 15. desember.

– Men tida er knapp. Om det ikkje går, må vi iallfall sette oss ned på nyåret, seier han.

Bakgrunnen for forslaget er å få til ei meir rettferdig skattlegging, uttalte fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson i Høgre Olve Grotle til NRK i november.

støre-krabbefiske-110821

HELD FRAM: Støre-regjeringa har vidareført den nye skatteordninga for havbruksbransjen, som fyrst dukka opp i Solberg-regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Foto: Andreas Lekang / NRK

Kjøper opp i dårlege år

Jon Olaf Olaussen er professor ved NTNU Handelshøyskolen. Han seier skatteforslaget «rammar skeivt» og kan forsterke utviklinga der dei største selskapa produserer meir av norsk matfisk.

Utviklinga har gått før seg sidan regelverket blei liberalisert i 1991.

Dei som meiner skatteendringa kan føre til fleire oppkjøp av små selskap, har eit poeng, trur han.

Dagleg leiar Jan Olav Langeland i Salmon Group fryktar forslaget vil medføre «ei vesentleg utvatning av norsk eigarskap».

Carl-Erik Arnesen er styreleiar for Troland Oppdrett A/S i Austevoll.

– Om vi endar opp med ei oppdrettsnæring med få utanlandseigde aktørar, vil dette vere ein trussel for skogen av leverandørar, eksportørar og kundar til næringa, seier han.