Forsikringsselskapet If vil ikkje dekke til gamle Førde barneskule med presenning.
Store verdiar på spel
Den gamle skulebygningen frå 1894 fekk omfattande skader i ein brann i november.
– Store kulturhistoriske verdiar kjem no til å gå tapt, meiner Bjarne Huus, tidlegare bokhandlar i Førde.
– If er kynisk
Huus meiner at forsikringsselskapet er kynisk og berre er ute etter å spare pengar når uhellet først er ute.