Hopp til innhold

– Skadeleg for fylkeskommunen

Fylkeskommunen braut lova om offentlege anskaffingar då dei kjøpte konsulenthjelp til Fjord1-salet. Det er konklusjonen i rapporten som fylkeskommunen sitt kontrollutval har bestilt.

Frank Willy Djuvik

VIL HA SVAR: Leiar i kontrollutvalet, Frank Willy Djuvik, vil no vite kvifor konsulenttenestene vart kjøpt utan anbod.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Rapporten konkluderer med at fylkeskommunen har brote lova om offentlege anskaffingar av konsulenthjelp, til økonomisk og juridisk rådgjeving.

I dag vart rapporten gjort offentleg framfor kontrollutvalet sitt møte på fredag, der dei skal avgjere kva fylkestinget skal gjere med saka vidare.

– Det er veldig skadeleg for fylkeskommunen at vi ikkje har følgd regelverket, i anskaffingar som går opp mot 20 millionar kroner. Éin ting er at vi ikkje følger dei regelverka vi skal følge, men når rådmannen sjølv bryt reglane, gir det eit særs uheldig signal ut i fylkeskommunen, seier Frank Willy Djuvik, som er leiar i kontrollutvalet i fylkeskommunen.

– Kan ikkje skulde på politikarane

I rapporten har fylkesrådmann Tore Eriksen greia ut for si handsaming av oppdraga. Han hevdar det er nyansar i denne saka, mellom anna at politikarar har oppfordra til å til å bruke kortare tid.

Djuvik meiner ikkje at dette er nokon god grunn til å bryte lova.

– Ein kan ikkje legitimere lovbrot med at politikarar har hastverk. Det går ikkje, seier han.

Tore Eriksen fylkesrådmann

MÅ SVARE: Fredag må fylkesrådmann Tore Eriksen svare til kontrollutvalet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fredag skal kontrollutvalet drøfte saka, på bakgrunn av rapporten og samtaler med fylkesrådmannen og Deloitte, som har laga rapporten.

Det kontrollutvalet ønsker å finne ut av på fredag, er mellom anna kvar systemet har svikta slik at dette ikkje vart fanga opp i fylkeskommunen sine interne kontrollar tidlegare.

– I tillegg skal vi kome med forslag til fylkestinget om kva vi meiner må til for at vi i framtida ikkje skal kome i situasjonar der vi bryt reglane, seier Djuvik.

Kjøper framleis konsulenttenester

Fylkesrådmann Tore Eriksen vil ikkje kommentere innhaldet i rapporten. Men måndag stadfesta han til NRK at konsulentane som vart ulovleg leigd inn, framleis er engasjerte av fylkeskommunen.

– Dei skal hjelpe oss med Havila-salet, som vi må gjennomføre på ein korrekt, juridisk måte fram mot 2020. Vi treng rådgjevarbistand til dette, og i så måte har vi ein avtale med dei på det, sa Eriksen måndag.

Dette er òg noko som kontrollutvalet vil vite meir om når dei møtast på fredag.

– Ein kan ikkje vidareføre ei ulovleg handling som er gjort tidlegare, så her må fylkesrådmannen vurdere korleis han skal handtere dette framover. Dette har ikkje kontrollutvalet snakka om enno, men det vil vi stille spørsmål om på fredag, seier Djuvik.