Hopp til innhold

– Sit langt inne å tvinge Bremanger

Venstre-skepsis mot å tvinge Bremanger inn i ny storkommune saman med Flora og Vågsøy.

Sveinung Rotevatn på talarstol

SKEPTISK: Sveinung Rotevatn (V) er skeptisk til å tvinge Bremanger inn i Kinn kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det sit langt inne å tvinge Bremanger inn i Kinn kommune, det meiner stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

Ting kan tyde på at det blir nei i Stortinget mot å tvinge Bremanger inn i Kinn kommune.

Fylkesmannen rår til at regjeringa brukar tvang mot Bremanger for at kommunen skal slå seg saman med Vågsøy og Flora.

Skal Bremanger bli nummer 14 i rekka av kommunar som blir møtt med tvang frå Stortinget må Venstre sikre fleirtal, men Rotevatn kjem med følgjande løypemelding:

– Eg trur det kjem til å sitte langt inne å skulle gripe inn mot Bremanger frå Stortinget si side, og overstyre frivillige prosessar.

Meiner Bremanger skil seg ut

Rotevatn understrekar at Bremanger ikkje er diskutert i Stortinget, og ventar og ser kva Regjeringa meiner.

Men venstrepolitikaren seier Bremanger skil seg frå tilfella der ein seier ja til tvangssamanslåing.

– Typisk då har vore at fylkesmennene har hatt veldig klare anbefalingar, og at kommunane står veldig svakt i møte med eldrebølgja og moglegheita for å drive berekraftig velferd framover. I dei aller fleste tilfella har Stortinget respektert lokale frivillige prosessar.

– Veldig overraskande

Frank Willy Djuvik

MISNØGD: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner det er merkeleg om Venstre som har ivra aller mest for tvang her seier nei, medan dei andre gonger seier ja.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bystyrepolitikar i Flora, Frank Willy Djuvik (Frp) er fortørna over skepsisen i Venstre. Han vil tvinge Bremanger inn i storkommunen.

– Dette er veldig overraskande, kriteria for tvangssamanslåing som Venstre og stortingsfleirtalet legg til grunn er jo nettopp til slike tilfelle der ei kommune ligg i mellom og sperrar. Tvangsbruk som Venstre også har vore med på misser all legitimitet. Ein legg på ein måte eigne særpolitiske interesser til grunn.

Kva særpolitiske interesser fryktar du?

– Det anar eg ikkje, men det er klart at Rotevatn er frå Eid, og eg må verkeleg seie at ein då kan mistenke særpolitiske interesser i ei så openberr sak.

Kan ikkje sjå kva Eid har med saka å gjere

Rotevatn seier på si side at det ikkje er automatikk i at det blir tvangssamanslåing når ei uvillig kommune ligg mellom to villige:

– Det er alltid ei konkret vurdering, den skal vi no i gang med. Vi vil legge vekt både på lokale ynskje, og omsynet til ein tenleg kommunestruktur. Dessutan kan eg ikkje sjå kva Eid skulle ha med saka å gjere.

Kinn kommune

– Har ikkje merka lokalt ynskje om tvang

Bremanger kommune er tydeleg på at dei ikkje ynskjer å gå inn i ei storkommune. Sveinung Rotevatn seier at heller ikkje Vågsøy eller Flora ber Stortinget om tvang:

–. Vågsøy og Flora vil helst ha ei stor felles kystkommune, men eg har ikkje registrert at dei har bedt oss om å bruke styringsretten. På den andre sida ber Fylkesmannen oss om det, og har argument vi tek med oss.