Hopp til innhold

Vitne om knivstikking: – Såg ut som han leitte etter bråk

– Det var eit masseslagsmål der 8–10 menn var involvert. Ein av mennene såg ut som han leitte etter bråk, seier bartender som var vitne til knivstikkinga.

Uteplassen Finnegans i Bergen

FINNEGANS: Bartenderen på Finnegans fekk med seg knivstikkinga som skjedde natt til måndag. Han understrekar at dei som var involvert i knivstikkinga ikkje var gjest hos dei.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Klokka 03.18 i natt fekk politiet melding om at tre personar var blitt knivstukke utanfor uteplassen Finnegans i Bergen sentrum.

To av dei blei alvorlege skadde og ligg på Haukeland universitetssjukehus. Dei to er austeuropearar.

Høyrde mykje skriking

Krimteknisk undersøker staden der ei knivstikking skjedde

UNDERSØKINGAR: Krimteknisk i politiet undersøker staden der knivstikkinga skjedd.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Då knivstikkinga skjedde var bartender John Wroe og ei vakt dei einaste som var på jobb på Finnegans. Knivstikkinga skjedde ikkje på Finnegans, men ute på gata like i nærleiken av uteplassen.

– Eg var i gang med å stenga. Det hadde vore ein relativt roleg kveld hos oss. Så høyrde eg mykje skriking og bråk utanfor. Eg gjekk ut for å sjå og det var eit masseslagsmål. Om lag 8–10 menn slo laus på kvarandre, som «hooligans», seier John Wroe til NRK.

– Dei slåst på plassen utanfor Finnegans og det verka ei stund som om heile gitterveggen vår skulle dette ned. Ein av mennene såg ut som han leitte etter bråk, fortel Wroe.

Artikkelen fortsetter under videoen

Utdrag fra politiets pressekonferanse i dag klokken 11 om knivstikkingen i Bergen, hvor olitiadvokat Janne R. Heltne redegjorde. To personer er alvorlig skadd etter en knivstikking på en uteplass i Bergen. Politiet leter fremdeles etter gjerningspersonen. Les mer: http://www.nrk.no/hordaland/vitne-om-knivstikking_-1.11166160

MØTTE PRESSA: Politiadvokat Janne R. Heltne møtte pressa ved politihuset i Bergen kl. 11 i dag.

Nervøs for at dei skulle komma inn

Dei som var involverte i slagsmålet hadde ikkje vore gjestar på Finnegans, og ifølgje bartenderen er det uvanleg at slike ting skjer på eller utanfor Finnegans.

– Ingen av dei hadde vore på Finnegans tidlegare. Dei har ingen tilknyting til Finnegans i det heile tatt, seier bartenderen.

– Men eg var nervøs og redd for at slåstkampen skulle hamna inn på Finnegans, seier han.

Samla seg mykje folk

Etter det bartenderen kunne sjå samla det seg også mykje folk rundt for å sjå på det som skjedde.

– Då slåstkampen braut opp, såg me at den eine av mennene blødde veldig mykje. Eg byrja leita etter telefonen min for å ringa ambulansen, og då høyrde eg at nokon allereie hadde dei på tråden og at dei var på veg, seier John Wroe.

Kaos-stemning då mennene låg på bakken

NRK har også vore i kontakt med eit vitne som tilfeldigvis kom forbi staden kort tid etter at knivstikkinga hadde skjedd.

– Me såg to menn som låg på bakken. Han eine såg ut til å ha blitt stukken i brystet og han andre i halsen. Det var kaos-stemning der og ei kvinne som stod like i nærleiken av dei som låg på bakken var heilt ifrå seg, fortel vitnet.

Knivstikkinga skjedde då uteplassar stengde og ein del folk som var på veg heim stoppa opp der knivstikkinga hadde skjedd. Mellom 20 og 30 personar hadde samla seg der då ambulansen kom til staden.

– Eg såg ikkje noko bråk då eg var der. Fram til ambulansen kom var det fokus på å hjelpa dei som låg på bakken.

Politiet ber om tips

Gjerningsmannen skal ha løpt frå staden, og er ikkje arrestert. Politiet seier han kan ha kome seg unna i ein bil.

Mannen skal ifølgje vitne vere nordafrikansk. Han hadde på seg eit hovudplagg, kanskje ein sixpence.

På ein pressekonferanse klokka 11 måndag føremiddag bad politiet publikum om tips i saka.