Hopp til innhold

– Risikoen var ein del av ferjekontrakten

Ferjeselskapa meiner myndigheitene bør betala for elbilane som køyrer om bord gratis. Men samferdsledepartementet svarar at selskapa visste om risikoen då anboda vart levert.

El-biler kjører gratis med fergene - og det er dårlig butikk for fergeselskapene.
Nå krever Norsk Elbilforening at staten betaler ferjebilletten for de elektriske kjøretøyene.

SJÅ TV-SAK: Reporter: Steinar Nedkvitne | Foto/redigering: Ingfrid Berge Fossåskaret.

Grete Fuglem Tennås

TAPER INNTEKTER: Administrerande direktør i FosenNamsos Sjø.

Foto: NRK

– Ferjetakstane er bestemt av myndigheitene og den store elbilutviklinga er stimulert gjennom fordelane myndigheitene gir. Det er bestemt utanfor vår kontroll, då bør vi kompenserast for det.

Det seier administrerande direktør Grete Fuglem Tennås i FosenNamsos Sjø. Dei driftar ferjene som går mellom Hufthamar og Krokeide i Hordaland. Dei siste året har eksplosjonen i elbilar gjorde store hogg i inntektene.

Bergens Tidende skreiv torsdag at talet på elbilar på sambandet auka med 215 prosent i dei første sju månadane i 2014.

– Det har eksplodert. Det gir eit reint inntektstap for oss, før vi har fått forhandla fram kompensasjon, forklarar Fuglem Tennås til NRK.

– Staten bør ta rekninga

Prisen for personbil med førar på Austevoll-sambandet er 201 kroner, medan elbilsjåførane får med seg bilen gratis. Norsk Elbilforeininga var tidlegare i dag ute og kravde at staten dekker inntektstapet som ferjeselskapa opplever.

Generalsekretær Christina Bu seier dei har forståing for at ferjeselskapa tykkjer auken i elbilar er utfordrande.

– Men slik vi ser det er det viktig å bevara fordelen med gratis ferje i nokre år til. Derfor meiner vi at staten må vurdere å ta rekninga for elbilar på ferjestrekningane.

Forskjell på riksveg og fylkesveg

Tom Christer Nilsen

SER TIL STATEN: Fylkesordførar i Hordaland, Tom Christer Nilsen.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Det er i utgangspunktet ferjene på riksvegstrekningane som er gratis for elbileigarar. Når det gjeld fylkesvegstrekningane, slik som Hufthamar–Krokeide, er det opp til den enkelte fylkeskommune å ta stilling til om elbilane får gratis transport.

Førebels er det berre innført betaling på fylkesvegstrekningar i Sør-Trøndelag. Fylkesordførar i Hordaland, Tom Christer Nilsen vil ikkje lova at det same skjer i fylket hans.

– Vi har bestemt å følgje dei same reglane som gjeld for riksvegferjene. Men viss talet på elbilar held fram med å stiga veldig over det som er venta, så må vi vurdere kva vi skal gjere.

– Risikoen ein del av kontrakten

Nilsen seier hans prinsipielle oppfatning er at fordelane for elbileigarar er det staten som har innført, difor har dei også ansvaret.

– Meiner dei alvor med det, så må dei kompensera fylkeskommunane for gratis elbiltrafikk på ferjene. Staten har ein overføring til fylkeskommunane for å drive ferjer på fylkesvegane. Vi kan ikkje drive samband utan inntekter, forklarar Nilsen.

NRK har i dag vore i kontakt med Samferdsledepartementet for å høyre om dei vil betale for elbilane.

– Risikoen for slike tap var ein del av ferjekontraktane, svarar informasjonssjef Ivar Torvik.

Nye avtalar i 2017/2018

Også fylkesordførar i Hordaland, Tom Christer Nilsen påpeikar av elbilfordelane var godt kjende under førre anbodsrunde.

– Dei tok med opne auge risikoen for dette når dei leverte anboda. Men det blir eit viktig element i dei nye avtalane som skal inngås i 2017/2018, avsluttar Nilsen.