NRK fortalde torsdag om kritikken som Hadle Blikra retta mot Lærdalsøyri skule for omfattande lærarmangel og manglande svar på kritikk.
FAU presiserer at det ikkje er rektor, men kommuneleiinga som er rette adressaten for kritikken frå FAU-leiaren.
– Dette er tilhøve som rådmannen må ta ansvaret for. Rektor har rådmannen si fulle tillit, skriv Hjellum i ei pressemelding.
Er til handsaming
I kritikken skildrar Blikra mangel på vikarressursar kombinert med høgt sjukefråvær.
Han meiner dette har gått utover elevane.
– Klagen sendt frå FAU i februar er til handsaming på administrativt skuleeigarnivå. Dette er FAU gjort kjent med. Rektor blir då gjerne trekt inn i saksførebuinga, men det er rådmannen som er rett adressat for spørsmål om klagesaka, skriv Hjellum.
Kjenner seg ikkje att
– Rektor har såleis ikkje høve til å uttale seg utad om innhaldet i klagesaka før den er ferdig handsama, legg han til.
Rådmannen kjenner seg ikkje att i skildringa til FAU. Han meiner skuleleiinga har svart på dei førespurnader dei har fått frå utvalet.
– Rådmannen meiner og at skuleleiinga/administrativt skuleeigarnivå har vist vilje til dialog om dei spørsmål som er teke opp av FAU, og teke omsyn til desse innanfor dei økonomiske råmer som er sett, skriv Hjellum.