– Rein desperasjon

– SV viste rein desperasjon på hastepressekonferansen søndag ettermiddag, og bad om medynksstemmer, seier politisk redaktør i NRK, Kyrre Nakkim.

SVs pressekonferanse

SV kalla inn til hastepressekonferanse søndag, etter krisemålingane i helga som gir partiet rekordlåg oppslutnad.

Foto: Ellen Viseth / NRK

Målingane for NRK og Aftenposten i helga viste nye sjokktal for SV med ein oppslutnad på rekordlåge 2,5 og 3,1 prosent. Leiinga i SV kalla inn til hastepressekonferanse etter krisemålingane søndag.

Les: Krisemåling for SV | – Gjelder venstresidens overlevelse | Velgerne vet ikke hvem som leder SV

– Dei hadde ikkje nokon spesiell bodskap å kome med på pressekonferansen anna enn at dei ville be folk tenke seg om ein gong til, og kome tilbake til SV, seier Nakkim.

– Bad om medynksstemmer

Kyrre Nakkim

Politisk redaktør i NRK, Kyrre Nakkim, meiner SV viser rein desperasjon og ber om medynksstemmer.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Saman med nestleiar Inga Marte Thorkildsen og SV sin partisekretær Silje Schei Tveitdal oppmoda partileiar Audun Lysbakken alle som sympatiserer med SV, om å hjelpe partiet i denne valkampen.

– Dette er rein desperasjon, og dei ber om medynksstemmer.

Har dei grunn til å vere så desperate?

– Ja, det er absolutt grunn til desperasjon. Det er fleire målingar som viser det same. Miljøpartiet de Grønne er i sterk vekst, medan SV er i sterkt fall.

Vil formidle alvoret

Audun Lysbakken meinte på si side på pressekonferansen at dei har ein viktig bodskap: At norsk politikk kan stå utan ei venstreside viss SV ryk under sperregrensa.

– Me kalla inn til pressekonferanse på kort varsel på grunn av eit behov for respons på målingane, men me er òg opptekne av å formidle alvoret i situasjonen.

Partileiaren trur ei massemobilisering kan løfte SV over sperregrensa og hindre at han sjølv misser plassen på tinget.

– Eigentleg kan ein seie at målingane kjem på eit ok tidspunkt for SV. Me visste jo at me låg nær sperregrensa, men med dei målingane som kom no, må me snakke ope om det. Me veit at SV har mange vener, men at for få har tenkt å stemme på oss, seier Lysbakken.

– Må skilje seg frå Miljøpartiet

Kyrre Nakkim meiner at det ikkje finst noko rask løysing for å overtyde veljarane, men at dei må bruke dei siste veke fram mot valet på å prøve å synleggjere kva som skil dei frå Miljøpartiet de Grønne.

– Veljarane er ikkje imponerte over det SV har fått til i regjering på miljøspørsmålet, og dei er utolmodige. Difor går dei til dei som har ein klarare, reinare politikk. Det SV må gjere no er å vise fram for veljarane kva som skil dei to.

Det er Audun Lysbakken einig i.

– Miljø er vår tids viktigaste spørsmål. Men det er feil at det er den einaste viktige saka. Me vil aldri selje unna våre saker på velferd for å få gjennomslag på miljø. Me må vise fram at me òg er opptekne av menneske.

Miljøpartiet under lupa

Ifylgje Nakkim er ikkje alt håp ute for SV, trass i fleire dystre målingar og kort tid att til 9. september.

– Ja, det er framleis ein sjans. Dette kjem nok til å svinge. Og så er det ikkje sikkert at Miljøpartiet de Grønne tåler å få søkelyset på seg. Media kjem til å rette seg mot dette partiet som til no ikkje har blitt gått etter i saumane. Dei neste dagane vil me sjå om dei vil tåle ei slik gransking.