Hopp til innhold

– Regjeringa mister truverda

Hordalandsordførarar reagerer på at regjeringa vurderer å droppe sjøkabel-ekspertutval.

Mona Hellesnes

Ulvik-ordførar Mona Hellesnes fryktar at sjøkabelvurderinga ikkje vert uhilda.

Foto: Ole Morten Melgård

Ordførarar i Hordaland er ikkje fornøgd med at statsminister Jens Stoltenberg i dag vurderer å la olje- og energidepartementet gjere den nye vurderinga av sjøkabler i Hardanger.

LES ÒG: Nedsetter trolig ikke Hardanger-utvalg | Stoltenberg: Vi har ikke lurt noen

Ordførar i Ulvik, Mona Hellesnes (V), vil ikkje vera bombastisk på om ord som utval vart nytta i dialogmøtet med Hordalandsordførarane forrige veke, men at hensikta var klar.

LES ÒG: Det blir uavhengig gjennomgang av sjøkabel i Hardangerfjorden

– Det som uansett var forståinga på møtet, var at me no fekk ein uavhengig gjennomgang av mulege løysingar for sjøkabler, seier ho.

At det no kanskje er departementet sjølv som skal gjere utgreiinga, er ho ikkje spesielt positiv til.

– Eg trur det er ein svært dårleg måte å gjere det på. Eg trur at målet til regjeringa med ei ny sjøkabelutgreiing ikkje vil bli nådd fordi ein får ikkje den truverda som eg oppfatta var heile ønsket deirar, seier ho.

LES ÒG: Nedsetter trolig ikke Hardanger-utvalg | Vil ha vestlendingar i ekspertgruppa

Avviker frå det som vart sagt

Òg Os-ordførar Terje Søviknes (FrP) er klar på at han ikkje tykkjer dette er eit godt teikn.

– Eg ser allereie at dei legg opp til at ein her kanskje skal nytte eigne folk til å vurdere ulike delrapportar og så vidare. Og det er jo klart at jo meir ein involverer dei aktørane som tidlegare har vore med og handsama saka, jo større grunn er det til å tru at mange ikkje vil kunne ha tillit til kor uhilda det er, seier han.

Og dette samsvarar ifølge Søviknes ikkje med det dei fekk høyre på møtet med Stoltenberg.

– Det vart sagt heilt tindrande klart frå både statsministeren og fagstatsråden at me skulle ein uhilda gjennomgang av sjøkabelalternativet. Og det vart fulgt opp frå fleire av oss ordførarar at det er viktig med ein god prosess der aktørane ikkje minst i Hardanger fekk vera med og leggja premissane, det vil seie å utforme mandatet og velje ut kven som skulle gjere denne jobben, slik at alle kunne hatt tillit til sluttresultatet fyrste februar, seier han.

Søviknes til Jens

Terje Søviknes meiner dei var førespegla ein heilt uhilda vurdering.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Uklokt

No håpar han at regjeringa no ikkje malar seg inn i nok eit hjørne i eit forsøk på å få saka inn i det sporet som dei kanskje ønskjer.

– Den raudgrønne regjeringa har alt å vinne på å lytte til vestlendingane når dei no er kommen opp i denne saka slik dei er. Og det å opptre på ein måte som vert opplevd som arrogant her vestfrå, der dei køyrer løpet åleine i regjeringa og avviker frå det som det store fleirtalet forrige tysdag meinte var konklusjonen på møtet med orførarane, det er særs uklokt, seier han.

Har enno ikkje vunne

Sjølv om Hellesnes var positiv etter møtet med Stoltenberg i forrige veke, var ho aldri heilt sikker på at saka var vunnen. Det er ho heller ikkje no.

– Eg er mellom dei som heile tida har sagt at me har ikkje vunne denne kampen. Det er fleire ting som bør gjerast i denne saka, mellom anna å få ei skikkeleg utgreiing på forsyningstryggleiken til Bergen uavhengig frå dette. Og me kjem til å jobbe med dette vidare, seier ho.

– Har du vore i kontakt med andre Hardangerordførarar?

– Det har ikkje rukke enno. No skal me ha eit møte til veka, og då må me gå nøye gjennom desse tinga som er kommen fram, seier Hellesnes.