Hopp til innhold

– Regjeringa er passiv om betre barnehagebemanning

Skulebyrådene i Bergen og Oslo krev at 50 prosent av dei tilsetje i barnehagane er pedagogar. No har byrådet i Bergen sett i gang eit pilotprosjekt som skal måle effekten av fleire pedagogar.

Lesestund i Kladden barnehage i Godvik

LESESTUND: I Kladden Kanvas-barnehage i Godvik i Bergen er halvparten av dei tilsette pedagogar. Barnehagen er del av pilotprosjektet til byrådet i Bergen.

Foto: Siri Løken / NRK

– Tida er komen der vi er nøydde til å løfte debatten om kvaliteten i barnehagane, seier skulebyråd i Bergen, Pål Hafstad Thorsen (Ap).

Saman med skulebyråden i Oslo krev han fortgang i arbeidet med ei såkalla pedagogisk bemanningsnorm. Thorsen ønskjer ein nasjonal regel om kor mange pedagogar det skal vere i norske barnehagar.

– Det handlar mykje om kvalitet. Vi veit at kompetente tilsette løfter kvaliteten i barnehagane, seier skulebyråden.

Pål Hafstad Thorsen

KREV ENDRING: Skulebyråd i Bergen, Pål Hafstad Thorsen (Ap), vil ha fleire pedagogar inn i barnehagane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eit gode for barna

Kunnskapsministeren har varsla ei såkalla bemanningsnorm i 2020, det vil seie ein nasjonal regel for kor mange barn det skal vere per tilsett.

Men dei Ap-styrte storbyane vil òg at halvparten av dei tilsette skal vere utdanna barnehagelærarar. I Bergen er det difor sett i gang eit pilotprosjekt som skal måle effekten av fleire pedagogar.

Der deltek blant andre Kladden Kanvas-barnehage i Godvik, der halvparten av dei tilsette er utdanna barnehagelærarar.

– Eg tenkjer det er viktig at det er ei høg grad av pedagogar i barnehagane. Den samla kollektive kompetansen aukar, og det vil komme barna til gode, seier styrar Siren Hærås.

Siren Hærås

GODE ERFARINGAR: Styrar i Kladden Kanvas-barnehage, Siren Hærås, har 50 prosent pedagogar blant dei tilsette. Ho meiner det gjer kvardagen betre for borna.

Foto: Siri Løken / NRK

Oslo vedtok i haust ein bemanningsavtale for kommunale barnehagar, som inneber både auka voksentettleik og at minst 50 prosent av dei tilsette skal vere utdanna barnehagelærarane.

Skulebyråd Tone Tellevik Dahl (Ap) meiner regjeringa bør sjå til Oslo og Bergen og krevje fleire pedagogar òg i alle andre norske kommunar.

– Eg synest faktisk kunnskapsministeren må vere litt meir proaktiv på dei yngste sine vegner, seier Tellevik Dahl.

Tone Tellevik Dahl

ETTERLYSER TILTAK: Skulebyråd i Oslo, Tone Tellevik Dahl (Ap) meiner alle barnehagar burde ha minst 50 prosent pedagogar blant dei tilsette.

Foto: Victoria Wilden/NRK

No håper Ap-byrådane i Oslo og Bergen å gjere pedagog-kravet til Ap-politikk på landsmøtet til våren.

– Vil ta tid

– For regjeringa er det er for tidleg med ei såkalla pedagognorm no, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Magnus Thue.

– Dette vil føresette at det faktisk er barnehagelærarar tilgjengeleg. Det vil ta tid før ein kan komme dit. Vi må sjå bemanningsnorm, pedagognorm og ressurssituasjon elles i samanheng, seier Thue.

Han viser til at dei no sender forslaget om bemanningsnorm på høyring våren 2017.

Styrar i Kladden Kanvas-barnehage, Siren Hærås, fortel at det ikkje har vore eit problem å få fatt i nok pedagogar til deira barnehage.

– I vår utlyste vi eit års vikariat. Då hadde vi rundt 50 søkarar på den stillinga. Det viser at det er mange flotte, kompetente barnehagelærarar der ute som ikkje har jobb men som er klar for å gjere ein god innsats i barnehagen.