Hopp til innhold

– Politileiinga må bort frå Bergen

Venstrepolitikar Alfred Bjørlo vil flytte leiinga i Vest politidistrikt til Florø og Sogn og Fjordane. Han meiner bergenspolitiet er gjennomsyra av ukultur.

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

FLYTTE: Venstrepolitikar Alfred Bjørlo meiner leiinga i Vest politidistrikt bør flyttast for å unngå at ukulturen i bergenspolitiet spreier seg til resten av politidistriktet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Omfanget av det som no blir avdekka er større og verre enn det nokon kunne tru, seier Alfred Bjørlo i Sogn og Fjordane Venstre.

I helga avslørte VG at ein tenestemann har varsla om at politiet i Bergen systematisk ikkje tek tak i saker som har med grov narkotikakriminalitet å gjere.

– Hindre spreiing

Tidlegare har politiet i Bergen og fått kritikk etter den såkalla Monika-saka, der ei drapssak vart lagt bort. Bjørlo meiner summen av avsløringane gjer at ein no treng ei skikkeleg opprydding.

– Eg føreslår at ein no legg leiinga i det nye vest politidistrikt til Florø, iallfall fram til ein får rydda opp i den grove ukulturen som herjar i bergenspolitiet. Vi må gjere det vi kan for at denne ukulturen ikkje spreier seg til heile det nye politidistriktet.

politistasjoner

Kva vil bli betre av at ein har politileiinga i Florø?

– Dette handlar om sjølvstende og avstand. Det skal gjerast ein så stor jobb internt i bergenspolitiet med å rydde opp, at det vil ta alt fokuset. Då er det betre å få det daglege arbeidet litt på avstand, meiner Bjørlo.

Ikkje mange

Dersom politidistriktet skal ha leiinga i Florø betyr det at arbeidsplassar må flyttast ut av Bergen. Bjørlo er sikker på at det hadde vore mogleg å gjennomføre.

– Sjølve leiingsfunksjonane utgjer ikkje ein veldig stor mengde folk. Dei aller fleste politiressursane er operative, og ikkje ein del av leiinga. Eg er heilt sikker på at det skal vere mogleg, seier Bjørlo.

Politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, er ordknapp om kritikken frå Bjørlo.

– Eg trur vi styrer dette godt herifrå no, og eg lar det bli med det, seier Songstad.