Hopp til innhold

– Påska er ikkje avlyst, men blir veldig annleis

JØLSTER (NRK): I år går påskegudstenestene for stengde dører. No har fleire kyrkjelydar funne kreative løysingar slik at folk kan få markere den kristne høgtida saman med kyrkja.

Vassenden kyrkjesenter

KREATIVT: – Påska er ikkje avlyst. Vi prøver difor å finne andre løysingar slik at folk kan få markere høgtida, seier sokneprest Silje Sørebø i Jølster. Vikarprest Carsten Langeland (t.v.), Silje Sørebø og organist Rune Molvik på kamera.

Foto: Ina Christin Løvseth / nrk

– Påska er ei av dei travlaste og viktigaste høgtidene for oss i kyrkja, seier Ingvald Andersen Frøyen som er sokneprest i Førde.

Fleire gudstenester, konsertar og andre markeringar trekker folk til kyrkjene når det er påske. Men i år må kyrkjene halde stengt av omsyn til smittevern.

Digital bølgje i kyrkjene

– Her i Sunnfjord bruker vi nettet meir aktivt enn tidlegare, seier sokneprest Silje Sørebø i Jølster.

Videoløysing har for mange blitt ein stor del av kvardagen. Til dømes har konsertar, konferansar og legekonsultasjonar blitt løyst ved bruk av video.

No har også fleire kyrkjelydar kasta seg på den digitale bølgja.

– Vi lagar ulike filmopptak som vi deler på Facebook. Vi kjem til å legge ut video med forskjellig tema til kvar av påskedagane, seier Sørebø.

Folk kan synge med på salmar, høyre dagens preik og bøner.

Soknepresten håper at opptaka kan spreie litt glede, trøyst og håp i desse koronatider.

Vibeke Jacobsen les inn podkast

PODKAST: – Vibeke Jacobsen les boka Påskefortellingen av Anselm Grün. Den skal leggast ut på vår podkast som eit tilbod til familiar med barn, seier sokneprest Arne Mulen.

Foto: Arne Mulen

– Påska er eit symbol på håp og lys. Det må vi ta vare på i desse tider.

Andre kyrkjelydar har også funne kreative løysingar for å markere høgtida, blant anna i Bergen.

– Vi legg ut podkast. I tillegg har vi laga korte filmar som tar oss gjennom påskeforteljingane. Desse er tenkt til barn og psykisk utviklingshemma, seier Arne Mulen som er sokneprest i Åsane kyrkje i Bergen.

Dei ulike produksjonane blir publisert på kyrkja si heimeside og på Facebook.

– Ikkje opplevd liknande

Mulen seier at det er veldig spesielt å gå inn i ei påskehøgtid utan å kunne invitere til gudsteneste i kyrkja.

– Eg veit ikkje om liknande situasjon i historisk tid i vårt land der vi har hatt stengde kyrkjer ei heil påskehelg.

Sjølv om det er ein krevjande situasjon, trur soknepresten at digitale løysingar kan opne for nye moglegheiter.

– Eg er imponert over den kyrkjelege kreativiteten som no har kome til syne. Enkelte videoar er oppe i fleire tusen visningar. Det er jo med på å utvide rekkevidda til kyrkja.

Han understrekar at dette aldri kan erstatte det å kome fysisk saman, men håper likevel at løysingane kan bidra til ei fellesskapskjensle.

Silje Sørebø og Rune Molvik

LØYSINGAR: – Vi har ein organist som også er flink til å filme og redigere. Utan han hadde vi ikkje fått dette til, seier sokneprest Silje Sørebø i Jølster. Organist Rune Molvik gjer opptak til påske.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

«Køyr-inn» gudsteneste

Det er ikkje berre digitalt ein kan vere med og markere høgtida.

Ved fleire kyrkjer i Sunnfjord vert det arrangert påskevandring.

– I tillegg til vandring blir det lagt ned eit påskekors utanfor kyrkja i Førde. Der kan folk legge ned påskeliljer, seier sokneprest Ingvald Andersen Frøyen.

Dersom vêret tillèt det, blir det også mogleg å bli med på «drive-in» gudsteneste på parkeringsplassen utanfor Helgheim kyrkje i Jølster.

– Dette tenker vi å få til 1. påskedag. Då kan folk sitje i bilane sine på trygg avstand til kvarandre, seier Sørebø.

Det same er planlagd på parkeringsplassen utanfor Åsane kyrkje.

– Vi inviterer til gudsteneste under slagordet «vi samlast på den andre sida av altertavla», seier Mulen.