– Faren ved å rasere heile sjukehussystemet i Helse Førde er at ein kjem til å få ein klar lekkasje av pasientar frå Nordfjord til Volda og Ålesund, slik at ein kanskje til slutt sit att med ein halvdaud hest i Sunnfjord, seier Humborstad.
Trassreaksjon
Rune Larsen, som er høgskulelærar, lege og tidlegare tillitsvald ved Førde sentralsjukehus, meiner dette utspelet verkar som ein trassreaksjon frå legane i Nordfjord.
– Det er underleg dersom lojaliteten til primærlegane i Sogn og Fjordane ikkje lenger går mot eige fylke, seier Larsen.
Omsyn til pasientane
Men Christian Humborstad avviser at dette er eit spørsmål om lojalitet.
– Det er heilt uakseptabelt å sende pasientar med lettare skadar heilt til Førde når kortaste vegen er til Volda, seier Humborstad, som syner til at han har støtte for eit slik synspunkt hjå kollegaene sine i Stryn og Vågsøy.