– Pasientar med alvorleg overvekt lir og har eit alvorleg helseproblem. Dei har svært vanskeleg for å koma ned i vekt på eiga hand, og treng eit tilbod, seier Våge. Han har nyleg vore på studietur til Danmark, der blant anna Ebeltoft-klinikken har eit slik tilbod der pasientane lærer seg nye etemønster.
Nytt etemønster
– På denne klinikken er pasientane over lang tid. Der får dei lære seg eit nytt etemønster og kjem i fysisk trening, fortel Våge. Noko slik tilbod fins ikkje i Noreg i dag. Denne pasientgruppa er overlate til seg sjølv, og mange endar opp i ein livstrugande situasjon der operasjon er einaste løysinga.
Alternativ
Våge meiner det er viktig å ha eit alternativ til kirurgisk behandling. Han ser difor gjerne at Sentralsjukehuset i Førde kunne få ei slik avdeling i tilknyting til det kirurgiske tilbodet dei har i dag.