– Overser brystkreft

Unge vert ikkje tatt alvorleg av fastlegen, seier Kreftforeningen.

Illustrasjonsbilde: Brystkreft

Mange unge må kjempe seg fram til hjelp når dei finn symptom på brystkreft.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Mange unge vert ikkje tatt på alvor når dei får symptom på brystkreft. Dei må ofte presse på sjølv for å få dei naudsynte henvisningane og undersøkjingane dei bør ha.

Det er tilbakemeldinga Kreftforeningen får frå unge som ringer inn til deirar støttetelefon Kreftlinjen.

– Me får jevnleg henvendingar frå unge menneske som seier det at nettopp fordi riskioen for å få kreft når du er ung er så liten, det er jo under 200 tilfeller i året, så er det ofte at fastlegen ikkje koplar desse symptoma ein har til at det kan vera kreft, seier Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeningen.

Psykisk påkjenning

Dette kan vera problematisk på fleire måter, fortel ho. Det eine er at det er viktig å stille ein tidleg diagnose. Det andre er den påkjenninga det er å vente og ikkje vite om ein faktisk har kreft.

– Det gjer noko med deg som menneske, denne ventetida, seier ho.

LES ÒG: Flere får brystkreft

LES ÒG: Opphopning av arvelig brystkreft

LES ÒG: Fargebilder avslører kreft hos unge

LES ÒG: Kvinner dropper brystkreft-sjekk

LES ÒG: Kreftsymptomene du skal ta alvorlig

ARTIKELEN FORTSET UNDER BILETET

Anne Lise Ryel

Anne Lise Ryel vil at unge skal få raskare hjelp mot brystkreft.

Foto: Tore Meek / NRK

Må vente lenge

NRK har prata med unge som har måtte venta i fleire månader frå dei fekk dei fyrste symptoma til dei hadde ein endeleg diagnose.

Per Eystein Lønning

Per Eystein Lønning meiner ein aldri må seie at nokon er for ung for å ha brystkreft.

Foto: Helse Bergen

– Nettopp desse er det viktig å få tak i tidleg, for me veit òg at brystkreft hjå dei heilt unge har generelt sett ein meir alvorleg prognose enn hjå dei litt eldre, seier Per Eystein Lønning, professor og overlege ved Haukeland Universitetssjukehus.

Brystkreft blant unge, i dette tilfellet kvinner under førti år, er så uvanleg at når ein fyrst får symptom, vert det ofte oversett av fastlegen.

– At det er sjeldnare hjå unge, gjer nok at det enkelte gonger kan vera lettare å oversjå farleg symptom, seier Lønning.

LES ÒG: Har samlet inn 3,8 millioner

LES ÒG: Frykter mer brystkreft

LES ÒG: Øker faren for brystkreft

LES ÒG: - Brystsjekk uten effekt

LES ÒG: Kreft-funn ved UiB kan redde liv

Fekk brystkreft

Mette Bøe Lyngstad

Mette Bøe Lyngstad trur mange kunne vore redda dersom dei vart tekna alvorleg.

Foto: Privat

Mette Bøe Lyngstad arbeider til dagleg som dramalærar ved Høgskulen i Bergen, og er mor til to born. Då ho var berre 37 år opplevde ho marerittet. Ho hadde ondarta brystkreft.

– Frå den dagen legen sa at her er det noko, eg sender deg vidare til kontroll, så vart det veldig viktig for meg at ting skulle gå raskt. Det kunne ikkje komme raskt nok, eg ville helst gått samme kvelden og tatt undersøkjing på sjukehuset, seier ho.

Ho var heldig og fekk hjelp fort, og har no vore kreftfri i snart tre år. Men ho veit om andre som ikkje var så heldige.

– Eg trur mange liv kunne vore redda, dersom dei hadde blitt sendt vidare før. Og det har eg eksempler på. Eg har kampsøstre der ute der legen sa "nei nei, du er alt for ung".

No håper ho alle vil få like raskt hjelp som ho fekk.

– Ein kan ikkje ta seg råd til å sende nokon for seint til kontroll. For me har eit system som er så bra dersom ein berre kjem inn i det. Så hjelp dei unge til å komme inn i det.

LES ÒG: - Brystsjekk uten effekt

LES ÒG: - Mammografi er ikke bortkastet

Manglar kompetanse

Ryel i Kreftforeningen trur mangel på god nok kompetanse hjå fastlegane er noko av problemet.

– Mange fastlegar er borte i kreft såpass sjeldan, og då er det ikkje alltid slik at fastlegen kan stille den riktige diagnosen eller skjønne symptoma fullt ut. Og då er det viktig å henvise vidare i systemet. Og det er viktig at det er legen som tar ansvar for at dette skjer, og at ein ikkje må vente for lenge, seier ho.

Lønning fortel at dette er viktig når ein no utdannar framtidas leger.

– Ein av dei tinga som me poengterer overfor dagens studentar, det er at dersom dei får ein kvinneleg pasient på kontoret som har eit funn som kan tyde på brystkreft, må dei aldri la vera å diagnostisere dette vidare fordi dei meiner pasienten er for ung, seier han.