Hopp til innhold

– Overgrepsmottaket blir lagt ned

Overgrepsmottaket Vald i nære relasjonar i Førde blir lagt ned, seier fagutviklingssjukepleiar Katja Ann Nielsen til Firda. Ho grunngjev dette med at Eid og Hornindal har sagt nei til å støtte mottaket. Ordførar Alfred Bjørlo i Eid seier til NRK at saka ikkje er endeleg avgjort hjå dei. Men eit samrøystes helse og sosialutval i kommunen har gått inn for at pengane heller skal brukast til Eid legekontor. Det er kommunestyret som har siste ordet i saka på sitt møte 9. mars.