Hopp til innhold

– Ny moglegheit til å ta tre poeng - Bakke optimist før møte med Aalesund

Sogndaltrenar Erik Bakke er optimist før dagens oppgjer borte mot Aalesund. Følg kampen minutt for minutt her.

Eirik Bakke orienterer på trening

HÅPAR PÅ TRE POENG: Sogndaltrenar Eirik Bakke.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er ein ny moglegheit for oss til å tre poeng. Klarar vi å følge sporet frå det vi gjorde mot Rosenborg, så er det fullt mogleg, seier Bakke.

Onsdag var Sogndal eit av fem eliteserielag som rauk ut av NM-cupen . Sundag er Hannu Patronen ute med raudt kort, i tillegg har Sogndal fleire på skadelista, blant anna Bjørn Inge Utvik.

– Slike ting merkast, og når du då taper og ryk ut av cupen så blir det ei mental oppgåve å bygge seg opp igjen, seier Jon Navarsete, som er NRK sin Sogndalekspert.

Laster innhold, vennligst vent..

Nedprioritert

I Sogndal er ikkje trenar Eirik Bakke like uroa med tanke på den tidlege NM-exiten.

– Cupen kjem midt inne i ein periode med mange kampar, og då blir det diverre nedprioritert. I kampen mot Nest- Sotra valde eg å halde vekke fem av spelarane som starta mot Rosenborg, for å bli klare til helga, seier Bakke.

Tett program

Framover blir det eit tett kampprogram for Sogndal. Først er det borte mot Aalesund sundag, så er det heimekamp torsdag 12. mai, mot Tromsø. 16. mai er det Viking borte som står for tur før det dei skal ta i mot Start heime på Fosshaugane den og 22. mai.

Jon Navarsete

TETT KAMPPROGRAM: Sogndalekspert Jon Navarsete trur heimekampane blir avgjerande.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

–Heimekampane mot Tromsø og Start blir nøkkelkampar. For Sogndal er kampen for å overleve punkt 1, og eg trur det er heimekampane som vil avgjere om vi vil klare det, seier Navarsete.

Men også han er optimist før bortekampen mot Aalesund sundag

– Eg sat rett bak målet for to år sidan på Color Line Stadion, då
Magnus Stamnestrø utlikna, så eg håpar det blir ein reprise av det, seier Navarsete.