Hopp til innhold

– Ny godsterminal vanskelegare enn bybane-saka

ARNA (NRK): Jernbaneverket sin nye godsterminal kan hamna midt i eit idyllisk bygdeområde i Arna. – Ei svært vanskeleg sak, seier Ap-topp.

Unneland

UT AV BYEN: Eit av forslaga er å legga ein ny godsterminal her på Unneland i Arna. Motstanden i bydelen er enorm.

Foto: Frode Bergo Larsen

Valglogo

– Det at me skal bli ei søppelbøtte for sentrum synest eg ikkje noko om. Godsterminalen vil øydelegga dalen med transport, forureining og den støyen som blir, seier arnabu Sven Arne Ekse.

Sven Arne Ekse

FOR DÅRLEG: Sven Arne Ekse synest ikkje svara han fekk frå politikarane under debattmøtet var gode nok.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Jernbaneverket driv akkurat i desse dagar å ferdigstille sin innstilling om kvar framtidas store godsterminal i Bergen skal ligge. Sven Arne Ekse på Haukeland er ein av dei som kan risikere å få godstrafikken i eigen bakgard.

Lokalavisa Bygdanytt arrangerte i går bydelsdebatt i Arna. Spørsmålet om ein ny godsterminal i Arna skal erstatta godshamna på Dokken i Bergen sentrum dominerte debatten.

– Denne saka er eigentleg mykje vanskelegare enn bybane-saka. Eg trur ingen i denne salen her kan lova noko som helst før me veit meir fakta, seier Harald Schjelderup (Ap).

Opprør i Arna

Jernbaneverket vil komma med ei anbefaling til kor godsterminalen bør leggast i oktober. Per i dag er det to alternativ i Arna som framleis er aktuelle, ifølge Jernbaneverket. Eit på Unneland og eit på Espeland (sjå faktaboks). Rådal og Flesland vert også vurdert som ei moglegheit.

I Arna er motstanden mot framtidas godsterminal stor. Ei Facebook-gruppe mot alternativet på Unneland har 1500 medlemmer.

Men under møtet i Arna fekk motstandarane tydelege svar frå dei færraste av bystyrepolitikarane om kor godstrafikken skal enda opp.

For meg å lova eller ikkje lova at det ikkje kjem godsterminal nokon plass, blir feil i ein valkamp, Erlend Horn i Venstre.

Bydelsmøte Arna

GODT OPPMØTE: Mange hadde tatt turen for å høyra kva politikarane meinte

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Heller ikkje byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H) vil seia noko før den venta rapporten frå Jernbaneverket er klar.

– Me må venta og sjå kva dei anbefaler. Me får ta diskusjonen når rapporten vert lagt fram.

KrF og Frp hels seg på same linje som Ap, Venstre og Høgre – og seier dei ikkje ønsker å ta eit val endå.

Senterpartiet går tydelegast imot godsterminal i Arna. Dei meiner konsekvensane for luftkvaliteten i bydelen er for store til at det kan aksepterast.

Bergen godsterminal Nygårdstangen

DAGENS LØYSING: Godsterminalen på Nygårdstangen i Bergen, slik den ligg i dag.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– For dårleg

Raudt er i mot forslaget og kritiserte dei andre partia for ikkje å ta eit standpunkt.

– Er ikkje dette å resignera fullstendig som politikarar? Eg tippar at om nokon hadde føreslått å bygga høghus på Bryggen, så hadde politikarane uttalt seg om dette lenge før rapporten kom, seier Sofie Marhaug toppkandidat for partiet Raudt.

Erlend Horn er klar på at ein treng areal i Bergen sentrum og at godsterminalen må leggast ein annan plass.

– Me skal fram mot 2030–50 ta i mot titusenvis av nye bergensarar i denne byen. Då lyt me ha tomter som hamna på Dokken som gjer at me kan stimulera til ei meir berekraftig byutvikling, seier Horn.

Harald Schjeldrup

INGEN KLARE SVAR: Verken Harald Schjeldrup (Ap) eller byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H) kunne gi eit tydeleg svar på kvar dei meiner den nye godsterminalen bør ligge.

Foto: Leif Rune Løland / NRK