Hopp til innhold

– NTP kan bli fatalt for Sp

Fylkeslaga til Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet er skuffa over framlegget til ny Nasjonal Transportplan.

Erling Sande

MISNØGD: Stortingspolitikar Erling Sande klarte ikkje å skjule sin vonbrot over framlegget til Nasjonal Transportplan under helgas fylkesårsmøte i Senterpartiet.

Foto: NRK

Framlegget til vegsatsinga for perioden 2014–2023 vart lagt fram i førre veke, men vart i helga kraftig debattert under partia sine fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane.

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) meiner det må kome mykje meir middel til rassikring og nye prosjekt, enn det Avinor, Jernbaneverket, Kystverket og Statens vegvesen legg opp til.

– Blir dette sluttresultatet så vil det vere fatalt for Senterpartiet, fryktar Sande.

– Distriktsfiendtleg

Framlegget legg stor hovudvekt på drift og vedlikehald , men løyver svært lite pengar til rassikring på Vestlandet.

Medan KrF meiner framlegget er distriktsfiendtleg, fryktar Senterpartiene følgjene dersom politikarane bankar gjennom framlegget.

– Men eg kjenner meg ganske trygg på at det ikkje kjem til å skje, for no skal vi inn politisk og jobbe for dette. Vi kjem i alle fall til å stå knallhardt på og fronte samferdsle inn i det arbeidet. Vi veit kor viktig det er for å byggje heile landet.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 4878e2cd-18d2-428a-88e1-4053305662f2.png

SJÅ TV-SAK: Nasjonal Transportplan prioriterer vedlikehald framfor nye vegar.

– Ikkje til å leve med

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) var tidleg på bana og skildra den manglande rassikringa som ein skandale. Fylkesvaraordførar Jenny Følling er også uroa over det som vart lagt fram.

Ho meiner Senterpartiet ikkje kan leve med eit slikt resultat.

– Vi må berre stå på, løfte rammene slik at vi får halde framdrifta på prosjekt som er oppstarta og vi får starta planlegginga av nye prosjekt. Fylket kan ikkje leve med framlegget som er der i dag. Det blir heilt fatalt å gå inn i ein stortingsvalkamp på eit slikt grunnlag, seier ho.

Begge deler

Fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter er klar på at det må meir pengar inn til rassikring og nye prosjekt.

– Eg trur vedlikehalds- og etterslepet må inn, men det kan ikkje gå på kostnad av investeringsmidlane, seier Hjelmeseter.

Kristeleg Folkeparti viser i sin uttale til at NTP omtalar større utfordringar med ras grunna klimaendringar, og krev auka løyving til rassikring, vegbygging og fleire utbetringar av E39 gjennom fylket.

Partiet legg til at det må vere mogleg å byggje ut kollektivsamferdsla i storbyane, samstundes som vegbygginga i distrikta blir oppretthalden.