Hopp til innhold

– Noreg har meir enn nok kraftlinjer til ny, grøn industri

Eit nytt forslag kan gjere at straumrekninga blir lågare og fleire nye, grøne bedrifter får kopla seg til straumnettet. Men da må nokon bedrifter godta å kunna bli fråkopla i korte periodar på dei kaldaste dagane.

Dagleg leiar Jonas Alexandersson i Aabø Powerconsulting.

LUR LØYSING: Dagleg leiar Jonas Alexandersson meiner Aabø Powerconsulting har funne løysinga som gir ny, grøn industri nok elektrisitet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Den nye grøne industrien leitar etter kraft på Vestlandet, sukkar dagleg leiar Baste Tveito i Nordhordland Næringslag.

Bergensregionen er éin del av landet der kraftlinjemangel bremsar grøn industriutvikling.

Og det vil ta mange år før nye linjer kan vera ferdigbygde.

Så trass i overflod av «kortreist» elektrisk kraft, er Det Grøne Skiftet vanskeleg når Statnett ikkje kan la nye bedrifter kopla seg til straumnettet.

Men no kjem eit forslag som kan løysa det akutte problemet utan nye kraftlinjer.

– Tenke nytt

– Me treng nettutbygging, men me klarer ikkje å bygga oss ut av situasjonen me er i no, konstaterer dagleg leiar Jonas Alexandersson i Aabø Powerconsulting.

Han meiner til dømes datasenter, hydrogenproduksjon og fiskeoppdrett på land er viktige framtidsindustriar.

– Dei kan hamna andre stadar viss me ikkje har nettkapasitet nok.

Kraftlinjer tunge av is

HARDANGERMASTENE: Dei store kraftlinjene i landet har nok kapasitet til å gi nye bedrifter straumen dei treng viss Noreg godtar litt mindre tryggleiksbuffer, meiner Aabø Powerconsulting.

Foto: Ole Gustav Berg / Statnett

Derfor vil konsulentselskapet at me skal endra måten Noreg tenker forsyningstryggleik for straum.

– Me bør gå frå «N minus 1» til «N minus 0,9», seier han på kraftbransjens stammespråk.

Med det meiner han kort og godt:

Ikkje alle straumbrukarar treng å vera garantert straum absolutt alltid, slik me i utgangspunktet er i dag. Noreg har unødvendig overkapasitet i straumnettet.

Reservetryggleik

Landets straumnett er altså ikkje fullt utnytta, heller ikkje på dei kaldaste dagane med høgast straumbruk.

Mykje av nettkapasiteten står der som reservetryggleik i tilfelle store straumbrot.

For Noreg har ein policy om at det skal vera nok ekstra kraftlinjer til at ingen treng å mista straumen sjølv om det skjer ein feil på éi linje. Som ein slags elektrisk bufferkonto.

Feil prioritering, meiner Aabø Powerconsulting.

– Me er i ein situasjon der me ikkje kan etablera ny industri på grunn av nettkapasiteten. Det er paradoksalt at me eigentleg har nok kapasitet i nettet, men held den av til feilsituasjonar som er ytst sjeldne.

Alexandersson føreslår at bufferen blir redusert frå 100 prosent («N minus 1») til 90 prosent («N minus 0,9»). Det betyr at ikkje alle skal vera garantert straum i dei 10 prosent av årets timar som har høgast forbruk.

Dagleg leiar Jonas Alexandersson i Aabø Powerconsulting.

PRIORITERING: – Ønsker Noreg nye industriarbeidsplassar, eller å behalda den øvste promille av forsyningstryggleik? spør Jonas Alexandersson

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Viss me går vekk fra overkapasitet i dei timane, vil det frigjera ganske mykje nettkapasitet, og dermed sørga for at me kan etablera industri, seier han.

Ifølge Aabø Powerconsulting kan dette i enkelte område og periodar frigjera opp mot 40% av nettkapasiteten.

Gir lågare straumrekning

Då kan langt fleire bedrifter få kopla seg til straumnettet som til no har blitt definert som «fullt».

Og ikkje minst meiner Alexandersson dette grepet vil gjera meir kraft tilgjengeleg, og dermed pressa straumprisane ned for alle.

– Viss me treng mindre straumnett, blir kostnadane mindre. Det kjem alle forbrukarar til gode.

Les også Datasentera kan auka landets kraftbehov med 20 prosent

Skisse av datasenteret i Børdalen

Redusert nettleige

I staden for full reservebuffer, meiner han staten bør basera nettkapasiteten på at bedrifter som veit at dei fint kan takla nokre timar med straumstans, får avtala redusert nettleige.

Desse bedriftene kan då frivillig bli kopla frå straumnettet viss det skjer nettfeil når forbruket i samfunnet er størst.

– Nokon blir betalt for å kopla ut forbruket sitt. Dermed er forbruket for alle andre på ein måte sikra. Dette er mykje billigare og raskare enn å bygga ein heilt ny kraftleidning, som kanskje også er kontroversiell, fortel Alexandersson.

Det tar gjerne ti år å bygga ein ny kraftlinje.

– Viss me gjer dette som eit midlertidig tiltak fram til me får forsterka nettet med dei nye linjene me treng, kan me sikra oss ein god del av denne industriutviklinga, seier han.

– Du meiner samfunnet må godta litt større risiko for straumbrot?

– Ja, det kan seiast slik, men dette er på ingen måte å køyra høgrisiko og å gambla med folks forsyningstryggleik.

Baste Tveito i Nordhordland Næringslag ved Mongstad

KINDEREGG: – Dersom me klarer å få fram meir straum i eksisterande nett, vil det bidra til både det grøne skiftet og å redusera straumprisane, meiner Baste Tveito.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Smart løysing

Forslaget blir godt mottatt av både næringslivet og det offentlege i Vestland.

– Det er eit veldig viktig og godt forslag. Me treng det i den straumkrisa me er inne i no, seier Tveito.

– Dette kan vera ei smart løysing. Det er ikkje sikkert alle treng kraft alle timar alle dagar, supplerer Tove Hartvedt, dagleg leiar i Invest In Bergen.

Både Vestland og Rogaland fylkeskommunar er samde. Dei ber no staten gjera som konsulentselskapet føreslår.

– Å ha dagens buffer på nettkapasitet er ein luksus me ikkje kan halda oss med i ei tid der det sterkt begrensar utviklinga av verdiskaping og sysselsetjing, meiner Tveito.

Statnett avventar

Statnett vil førebels ikkje kommentera forslaget om å redusera dagens overkapasitet i straumforsyningstryggleiken.

Men i ein e-post til NRK skriv konserndirektør for Kraftsystem & Marked, Gunnar Løvås at ny industri i dag kan få kopla seg til straumnettet med vilkår om utkopling viss situasjonen tilseier det:

  • Statnett har inngått slike avtaler fleire stader i landet, og samarbeider med BKK for å tilby dette også i bergensområdet.
  • Generelt meiner Statnett at fleksibilitet hos forbrukarane blir stadig viktigare, altså at dei kan kopla ut delar av forbruket sitt eller flytta det til eit anna tidspunkt. Statnett utviklar slike fleksibilitetsmarknadar både for å kunna redusera forbrukstoppar og handtera feil i nettet.

Les også I nabolandet betaler alle likt for strømmen – derfor vil ikke Norge gjøre det samme

Strømledninger i skumringen på Jessheim

Les også Oljeplattformer «stjeler» strøm fra grønne fabrikker på land

Troll-C landing på plattform