Hopp til innhold

– No må du ordna Vikafjellstunnelen, Jenny!

VIK (NRK): Når innbyggarane i Vik seier nei til storkommune med Voss, har dei samstundes også sagt nei til ein historisk sjanse for å bruka kommunereforma som brekkstong for å få Vikafjellstunnelen.

Roy Egil Stadheim og Jenny Følling

VIKAFJELLSVEGEN: No ber fungerande ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim (Ap) og fylkesordførar Jenny Følling (Sp) om veghjelp.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg hadde håpa av vi skulle få brukt dette som ei brekkstong for å få framskunda Vikafjellstunnelen, seier fungerande ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim (Ap).

Men då røystene var talde opp måndag kveld, måtte ordføraren innsjå at slik gjekk det ikkje. 65, 78 prosent av dei som røysta, sa nei til av Vik skal slå seg saman med andre kommunar.

Laster innhold, vennligst vent..

Frir til fylket

– No blir det fylkesordføraren vi må sette vår lit til, for å få det til. Det forventar vi kjem på plass, seier Stadheim.

Stadheim forventar at fylkeskommunen held oppe vedtaket sitt frå førre gong.

– Så får vi jobbe inn mot fylkeskommunen i Hordaland for at også dei skal ha same tilråding. Det blir knallhard jobbing framover for å få tunnelen inn igjen i NTP, seier Stadheim.

Han er klar på at skulle det vere realistisk med ei samanslåing med Voss og Aurland, måtte ein føresetnad vere at Vikafjellstunnelen kom på plass.

– Eg har sagt fleire gonger at det som var tanken min, dersom vi hadde fått ei fleirtal mot Voss, var at det hadde vilkårsbunde at vegen låg inne i NTP i 2017 med klare føringar om når vi kunne forvente oppstart. Utan noko slikt kunne vi ikkje gå inn i eit samarbeid med Voss og Aurland, seier Stadheim.

Skuffa ordførar måtte konstatere at tunnelen som kan gi heilårsveg over Vikafjellet ikkje ligg inne i fagetatane sitt framlegg til Nasjonal Transportplan.

Drahjelp

– Vi har jobba for at Vikafjellstunnelen skulle kome inn i Nasjonal Transportplan, og den var inne i den planen som ligg der no, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

I 2013 var jubelen stor på begge sider av fjellet, då riksveg 13 over Vikafjellet hadde fått plass i Nasjonal Transportplan. Vonbrotet var desto større då opprørte vikjer i februar i år oppdaga at vegen var ute av transportplanen igjen.

– Vårt klare signal til statsråden er at både Vikafjellet, Strynefjellet og fleire parsellar på E39 må inn i Nasjonal Transportplan. Det skal vi kjempe for, saman med Vik kommune, men vi er og nøydde til å ha med oss naboar som Hordaland for dette kravet. For det blir beinhard kamp om vegkronene i den nye transportplanen, seier Følling.

Jenny Følling

NABOSTØTTE AVGJERANDE: - Vi vil kjempa for Vikafjellstunnelen, men vi må ha med oss naboar som Hordaland om dette kravet, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Du har allereie starta nabopraten med Hordaland og Anne Gine Hestetun. Kva støtte forventar du derifrå?

– No får vi sjå korleis prioriteringane til Hordaland er. Dei var nok litt annleis på det som vart lagt fram på det siste møte.

– Det ser vel kanskje ikkje ut som vi får den store drahjelpa frå den kanten?

– Nei, det var nok prioritert andre store fjordkryssingsprosjekt i Hordaland, og så får vi sjå kva dei endeleg landar på, når dei kjem med sine innspel, seier Følling.