Hopp til innhold

– No kjem kvardagen for oss alle

Ordføraren i Ullensvang fekk brått eit tungt ansvar då eit helikopter styrta i heimkommunen og fem menneske omkom.

Solfrid Borge

Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Klokka er om lag 18.30 mandag kveld denne veka.

På fjellet ved Dalamot i Ullensvang står ein familie og ventar på fleire familiemedlemmer som er på veg opp for å vera med og bygga hytte. Plutseleg ser dei helikopteret med sine kjære styrta i bakken. Ingen av dei fem ombord kunne reddast.

Les alt om helikopterulykka i Ullensvang

Høyrde om ulykka på radio

Dette blei starten på ei vanskeleg veke for mange i Ullensvang i Hardanger. Ein av dei som har vore mest sentral i handteringa av ulykka er ordførar Solfrid Borge.

Ho var på veg heim frå Oslo og var komen til Bromma då ho for første gong høyrde om ulykka på radioen.

– "Nei og nei, kva er dette for noko", var det første eg tenkte då, seier Borge.

Ti minuttar seinare blei ho oppringt av politiet og fekk beskjed om at det hadde skjedd ei helikopterulykke på Dalamot, og at det truleg var fleire omkomne.

Flagget henger på halv stang utenfor herradshuset i Ullensvang. De fem omkomne

Fem personar mista livet i ulykka.

Foto: Politiet / Scanpix

Vanskeleg veke

Deretter gjekk det slag i slag med lokal kriseleiing, kontakt med pårørande, kontakt med journalistar og minnegudsteneste i kyrkja.

– Var du førebudd på noko slikt som dette?

– Nei, absolutt ikkje. Det har vore frykteleg hektisk, og sånn blir det i slike situasjonar. Viss eg tenkjer litt tilbake, så synest eg det har gått rimeleg bra, trass i den tragiske ulykka, seier ho.

Kva huskar du best frå den siste veka?

– Minnestunda på onsdag var ei krevjande oppgåve, samtidig som det var ei fin stund med rom for både stillheit og ettertanke, seier ordføraren.

Minnestund i Kinsarvik kirke

Minnestunda onsdag er noko av det ordføraren huskar best frå veka som har gått.

Foto: Ness, Jan Kåre / Scanpix

– No kjem kvardagen

Kan du sjå noko positivt oppi dette?

– Det er jo ikkje noko meining i at fem personar skal omkoma på denne måten. Så dette er like tungt for alle. Men det er fint at ein har kunna samla familiane som er ramma så frykteleg hardt, seier ho.

Ordføraren seier det er svært viktig at alle tar godt vare på kvarandre og strekkjer ut ei hjelpande hand i lang tid framover.

– No kjem kvardagen for kvar og ein av oss, anten ein er pårørande eller har andre roller. Uansett om ein får eit godt svar på kva som har skjedd eller ikkje, så ein får ikkje tilbake dei ein har mista. Difor er utfordinga no å kunna leva vidare i kvardagen, seier ho.

Les meir: – Det er ikke mye som er igjen | Nå er det minnestund for de avdøde | Fire av de omkomne knyttet til samme familie | – Mange er i sjokk og vi finner ikke ord | Så kjente styrte i døden

Takkar dei som har bidratt

Ordføraren seier det er mange som har gjort ein stor innsats den siste veka og som fortener takk.

– Tankane mine går først og fremst til dei aller næraste som har mista sine kjære. Men eg vil og takka alle som har vore med og bidratt den siste veka i handteringa av ulykka og alt som har skjedd etterpå, seier ordføraren.

Video Ordfører i Ullensvang herad, Solfrid Borge.

SJÅ VIDEO: Dagen etter ulykka blei ordførar Solfrid Borge intervjua av NRK-reporter Kristine Askvik.