– No kan vi planlegge som om det meste blir normalt

Produsentar av frukt, grønt og bær er letta over at sesongarbeidarar frå EØS-landa kan kome til Noreg.

Jon Elling Vereide

GLAD FOR ENDRING: Bærprodusent Jon Elling Vereide i Gloppen satsar no på at dei faste sesongarbeidarane hans kjem til landet.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Vi som har planlagt å ta inn plukkarar frå EØS-området, ser meir sutlaust på det no, seier Jon Elling Vereide, som er bærprodusent i Gloppen.

Koronakrisa har gjort det vanskelegare for utanlandske sesongarbeidarar å kome til landet. Justisdepartementet har nyleg fastsett endringar i bortvisingslova som gjer at EØS-borgarar som skal jobbe i landbruk, gartneri, skogbruk og matindustri, kan kome til Noreg.

Sesongarbeidarane må ha arbeidsavtale før dei kjem, og må i karantene i 14 dagar etter ankomst.

Vereide er glad for endringa.

– Vi kan planlegge sesongen som om det meste blir normalt. Vi har ein del detaljar vi må avklare rundt innkvartering i karantenetida, kor tett dei kan bu og kor mykje dei kan bevege seg ute, fortel Vereide.

Viktig kompetanse

Harald Blaaflat Mundal er fruktbonde og dagleg leiar i Lærdal Grønt. Han er letta over at dei no kan få sesongarbeidarar med mange års erfaring tilbake.

– Dei veit kva som skal gjerast og har kompetansen vi er på jakt etter. Skal vi produsere på ein god og effektiv måte denne sesongen også, er det veldig gode nyheiter for oss, seier Mundal.

Han seier dei har vore i kontakt med dei faste arbeidarane sine og fått signal på at dei ønskjer å kome. Dei jobbar no med praktiske løysingar.

– Vi må finne løysingar på karantenesituasjonen og korleis vi skal handtere det om nokon skulle bli sjuke.

Harald Blaaflat Mundal

VIKTIG KOMPETANSE: Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt seier sesongarbeidarar sit på viktig kompetanse og erfaring.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Mindre risiko

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde seier forskriftsendringa minskar risikoen for næringa.

– Næringa set stor pris på dette. Dei har vore redde for å sette i gang ein full bær-, frukt- og grøntsesong fordi ein ikkje visste om ein var sikra hjelp.

– Vil ein trenge også norsk arbeidskraft?

– Ja, ei svekt krone og pandemien gjer at det er usikkert, og gjer nok at ein del ikkje vil kome, seier Felde.

– Men det er ein trygg og god plass å kome til og ei trygg inntekt, så vi håpar mange kjem. Men kanskje blir det litt færre, og då må vi supplere med norsk arbeidskraft.

Nordmenn vil ha jobb i landbruket

Samtidig som det blir opna for at sesongarbeidarar kan kome frå EØS-landa, melder også nordmenn seg til arbeid i landbruket.

På nettsida bordtiljord.no har 996 arbeidssøkjarar meldt seg på kring ei veke. Litt meir enn halvparten av dei har ei form for landbrukserfaring.

– Det er tydeleg at det er eit behov for arbeidsplassar og folk er interessert. Samtidig gjer nok situasjonen at mange er usikre, så ein får kanskje litt andre typar folk enn dei som melder seg til vanleg, seier Jørn Erik Toppe i Green House, ein av initiativtakarane til nettsida.

Jørn Erik Toppe, bonde i Bergen

INTERESSE: På cirka ei veke har nærare tusen personar meldt interesse for arbeid i landbruket via nettsida bordtiljord.no, fortel Jørn Erik Toppe.

Foto: Privat

Også via nettsida til Norske Landbrukstenester har kring tusen personar registrert seg på ei veke. Det er mykje meir enn normalt, fortel dagleg leiar Frode Alfarnes.

– Vi har merka ein markant auke i personar som ønsker å tilby hjelp etter at media har fokusert på mangel på arbeidskraft dei siste vekene, fortel han.

Både utanlandske og norske plukkarar

Jon Elling Vereide har teke inn også nokre norske plukkarar. Sesongarbeidarane som er hos han kjem frå Latvia og Litauen, ein del av dei har vore på Vereide i 10–15 år.

– Har arbeidarane lyst til å kome?

– Ja, det har dei. Vi har ikkje snakka med alle siste dagane, det er jo ei stund til dei skal begynne å plukke. Dei følger også med på kronekursen. Dei vekslar dårlegare når dei kjem heim, men også det kan endre seg til jonsok seier Vereide.

Status Norge

Sist oppdatert: 25.05.2020
8352
Smittet
40
Innlagt
235
Døde