Hopp til innhold

Florøtrenar: – Neste helg blir det seriefinale

Florø vann og toppar tabellen, men tabelltoar Nest-Sotra held følge og ligg framleis berre tre poeng bak. I neste runde tar Florø imot Nest-Sotra til seriefinale i Florø.

Florøspelarane feirar 3-0 skåringa

FEIRAR: Det vart ein hyggeleg kamp for gjestene frå Florø. Her feirar spelarane Stefan Aase si 3–0 skåring.

Foto: Rune Eikeland

Florø tok raskt leiinga og beheldt den gjennom heile kampen, då dei laurdag møtte Vidar på bortebane i 24. runde av andredivisjon. Sigeren betyr at Florø framleis ligg heilt øvst på tabellen, når det står att to kampar av sesongen. Trenar, Terje Rognsø, er godt nøgd med endå ein siger.

– Vi er nøgde. I dag spelar vi på ei vanskeleg bortebane og vinn. No var vi ikkje blendande i dag, og hadde ikkje heilt rytmen, men vi er solide og skårar nok mål.

Møter tabelltoar heime

Terje Rognsø

IKKJE BLENDANDE: Terje Rognsø er godt nøgd med at Florø vann på ei vanskeleg bortebane, men synest ikkje Florø var på sitt beste mot Vidar.

Foto: Rune Eikeland

Med to rundar att å spele toppar Florø tabellen, tre poeng over tabelltoar Nest-Sotra. Neste helg kjem tabelltoaren til Florø, og Rognsø fortel at den kampen blir ein seriefinale.

– Dersom vi vinn så har vi rykka opp, men om dei vinn blir det svært vanskeleg. Spelar vi uavgjort er opprykkskampen framleis heilt open i siste runde. Det er to gode lag, då skjer det av og til at alt kokar ned til ein kamp.

Har trua

Dersom Florø tapar mot Nest-Sotra neste helg, vil dei to laga ha like mange poeng. Likevel trur Rognsø det då vil bli vanskeleg for Florø å rykke opp på grunn av dårlegare målforskjell. Han trur det blir ein tøff kamp mot Nest-Sotra neste helg, men har god tru på at Florø kan gå sigrande ut av duellen.

– Eg veit det blir tøft. Det er to gode lag og fotballen er rund, men vi har ingen planar om å tape. Eg har absolutt trua på at vi skal klare det. Vi har gjort det svært bra i det siste, så det er ingen grunn til ikkje å tru på dette laget.