Hopp til innhold

– Navarsete er feilinformert

– Liv Signe Navarsete er feilinformert når ho seier regionleiinga i region vest i det stille er blitt flytta frå Leikanger til Bergen og Stavanger.

Helge Eidsnes

SJEF: Ingen sjefsflukt frå Leikanger, ifylgje regionvegsjef Helge Eidsnes.

Foto: Arne Veum

Det seier regionvegsjef Helge Eidsnes etter at stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) i debatten om regionreforma fleire gonger har hevda at arbeidsplassane er flytta til storbyane.

– Så kan vi sjå kva tyngdekrafta betyr. Vi har regionkontoret til Statens Vegvesen på Leikanger, men NRK kan jo ta ein tur til Leikanger og sjå kor mange av sjefane vi finn der. Eg trur ikkje det er så mange att, sa Navarsete i ein NRK-debatt dagen etter at intensjonsavtalen om regionreforma var underskriven.

Gjentok påstanden

Etter ein ny debatt om Vestlandsregionen på NRK1 i førre veke gjekk Navarsete endå lengre. På Facebook hevda ho, og på Twitter slo ho fast at alle leiarane på kontoret er flytta til Bergen og Stavanger.

Så NRK gjorde som Navarsete bad om. Vi tok kontakt med regionvegkontoret.

– Regionleiinga i Statens Vegvesen region Vest har ni stillingar som høyrer til regionvegkontoret. Sju av dei er i Leikanger, seier Eidsnes.

Liv Signe Navarsete

VEDGÅR: Liv Signe Navarsete.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

NRK har også bedd om å få tilsendt organisasjonskartet til region vest. Det syner det same.

Men regionvegsjef Eidsnes vedgår at leiarane har mange arbeidsdagar vekke frå kontoret i Sogn.

– Men det har vi uavhengig av kvar vi bur. Som leiar i region vest har vi ansvar for alle tre fylka og vi har utstrakt kontakt og møteverksemd med den politiske leiinga i kvart fylke.

Bur i Bergen

Av dei sju leiarane som har kontoradresse Leikanger har to bustadadressa si i Bergen. Helge Eidsnes er ein av dei. Men han avviser at han på grunn av det har fleire arbeidsdagar i Bergen enn kva som er naturleg.

– Mitt kontor er i Leikanger. Som regionvegsjef er det samme kvar eg bur. Reiseverksemda er like stor. Vi tener ein stor region.

Han seier Navarsete kan ta kontakt med regionleiinga eller han personleg om ho ynskjer informasjon om dette.

Liv Signe Navarsete seier det som det er.

– Ja, då er eg feilinformert.

Men senterpartipolitikaren seier stillingane er på Leikanger. Spørsmålet er om folka er det.

– Eg har fått opplyst at dei i realiteten ikkje brukar Leikanger som kontorstad. Men er ikkje dette rett trekk eg påstanden tilbake.

Ein parantes

– Burde du som viktig samfunnsdebattant sjekke fakta betre før du brukar det på sosiale medium?

– Det var ein grunn til at eg spurde NRK om å sjekke. Eg må ærleg innrømme at den debatten som gjekk førre veke var provoserande. Eg har fått mange reaksjonar på at Sogn og Fjordane knapt var nemt i ein debatt som handlar om at fylket vårt skal slå seg saman med Hordaland og Rogaland.

– Den viste med all tydelegheit at Sogn og Fjordane blir ein parantes om den nye regionen ser dagens lys, meiner Navarsete.