Hopp til innhold

– Når eg ser alle desse bileta på Facebook med blod over alt, vert eg trist

Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter har sett seg lei av jegerar som deler blodige bilete av dyr dei har jakta på sosiale medium.

Daude hjortar

BLODIGE BILETE: Johan Trygve Solheim, meiner for mange legg ut unødvendig blodige bilete på sosiale medium etter at dei har vore på jakt.

Foto: PRIVAT

– Me lever i eit samfunn som diverre premierar dei mest blodige eksepsjonelle bileta med merksemd og likes, seier Solheim.

Den erfarne jegeren tek no eit oppgjer med andre jegerar som legg ut det han kallar for «respektlause skrytebilete» på Facebook.

Øydeleggjande

Det er berre nokre dagar sidan Solheim, som starta og driv Norsk Hjortesenter, la ut eit innlegg på Facebook der han la fram si frustrasjon ovanfor jegarkollegaer som legg ut bilete han mellom anna meiner er unødvendig grafiske.

– Det er lov å vere stolt når ein har skote ein hjort. Men eg tykkjer det er totalt respektlaus når ein sitt og skrevar over hjorten, blodet er over alt og til dømes ølboksar ligg i bakgrunnen, seier han.

Johan Trygve Solheim

VIS RESPEKT: Solheim, som kan seiast å vere ein hjortekjennar, meiner det er viktig å leggje ut bilete som syner at ein har respekt for dyret ein nettopp har avliva.

Foto: Elias Engevik / NRK

Solheim, som sjølv legg ut bilete i blant på sosiale medium meiner det har mykje å seie, korleis ein portretterer situasjonen, særskilt for utanforståande.

– Me er privilegerte i Noreg som har ein befolkning som aksepterer jakt i Noreg. Men for dei som ikkje har forhold til dette og ser blodige bilete og respektlause jegerar, så kan det fort hende at dei får ein haldning til jakt som ikkje er verdt det.

– Må tole litt blod

Ein som ikkje er heilt einig i kritikken frå Solheim er John Hermund Hauge, som driv jegarbloggen «Hjortejeger» på Facebook.

– Eg ser ikkje problemet med det. Du høyrer stadig frå ungar som omtrent ikkje veit at mjølk kjem frå kyr og ikkje ein pappkartong på butikken. Dei har ikkje vondt av å vite korleis ting går føre seg, meiner han.

Hauge legg på bloggen ut bilete som dokumenterer jaktprosessen, frå fangst til slakt. Han er samd i at ein skal vise respekt for dyret, men ser ikkje noko gale i å leggje ut bilete som tydeleg viser alle element av jakta.

Klar til slakt

VIKTIG: Hauge, som står bak facebook-bloggen «Hjortejeger» meiner det er viktig at følgjarane får sjå kvart steg av jakte-prosessen.

Foto: PRIVAT

– Folk må tole å sjå ein død hjort og litt blod altså. Alt er ikkje vakuumpakka og kjem frå frysedisken på coopen.

Oppmodar til fornuft

Roar Lundby i Noregs jeger og fiskarforbund er einig i mykje av det Solheim seier. Han meiner først og fremst det er problematisk at mange vel å skyte dei største og finaste bukkane for å kunne vise til det på sosiale media.

– Det er problematisk fordi det øydelegg for hjortebestanden, dersom dei beste bukkane vert teken ut før dei kjem i brunst.

Lundby meiner dette er ein del av eit større problem med sosiale media, der jegerar legg ut bilete frå jakt utan å tenkje seg om. Han håpar på ei større bevisstgjering rundt dette i jegarmiljøet.

– Det er kjempeviktig at jegerane tenkjer godt over kva type bilete dei tek. For her er det mange som ser og følgjer med. Ein lyt leggje ut bilete som varetar både jeger og dyr på ein verdig måte, seier han.