Gjennom spaning, telefonavlytting og grundig etterforsking meiner Vest politidistrikt å ha funne klare samanhengar mellom tigging, tjuveri, sexsal og importering av unge jenter frå Aust-Europa.
Det er konklusjonen etter politiet si omfattande etterforsking av eit kriminelt rumensk familienettverk i Bergen.
Jakta på ein menneskehandlar
Politiadvokat Rudolf Christoffersen er den politijuristen i landet som har ført flest menneskehandelssaker for domstolen.
Førre veke blei ein 41-åring dømt til sju månader fengsel. No ber Christoffersen om at to menn og to kvinner blir tiltalte, alle for organisert hallikverksemd.
Dei fire var først sikta for menneskehandel. Men på grunn av manglande bevis må politiet føra saka etter hallikparagrafen.
Politiet klarar rett og slett ikkje få bakmennene dømt for menneskehandel.
– Det er ingen tvil om at omfanget av menneskehandel er klart høgare enn det me klarar å ta. Me rører knapt ved toppen av isfjellet, seier Christoffersen.
- «Lykkelandet:»
Etter tre års etterforsking meiner politiet to rumenske familienettverk står bak grov kriminalitet i Bergen (sjå faktaboks under).
Fleire bakmenn er dømde og utviste. Men politiinspektør Sylvia Myklebust i Vest politidistrikt skulle gjerne ha sett fleire menneskehandelsdommar.
– Det er veldig vanskelege saker å få domfelling i. Miljøet er veldig lukka og ingen vil prata med politiet. I tillegg er sakene komplekse og krev ofte bistand frå utanlandsk politi.
- Les også:
Etterforska 15 saker – tre enda med dom
Ei oversikt Vest politidistrikt har presentert for NRK viser at politiet mellom 2015 og 2017 har etterforska 15 saker som omhandlar menneskehandel. Sakene omhandlar prostitusjon, seksuelle føremål og tvangsarbeid.
- Totalt har politidistriktet etterforska 15 saker for menneskehandel. I åtte av sakene har politiet tatt ut sikting. Tre saker er framleis under etterforsking, medan fire saker er lagt bort.
- Påtalemakta har tatt ut tiltale i fire av dei åtte sakene. Det er avsagt dom på menneskehandel i tre av sakene.
- Politidistriktet har etterforska 10 halliksaker. Åtte saker har enda med domfelling. I éi sak er det føreslått å ta ut tiltale på hallikverksemd. Den siste saka er sendt til Statsadvokaten for tiltaleavgjerd. Dei fire sikta, to kvinner og to menn, var i utgangspunktet sikta for menneskehandel. Men politiet fann ikkje nok bevis.
– Ser ikkje på seg sjølve som offer
Sidan forbodet mot menneskehandel kom i 2003, er det avsagt 45 domfellingar i Noreg. Berre i 2016 blei det meldt 46 saker om menneskehandel til politiet, viser tal frå Koordineringsenheten for menneskehandel (KOM).
- Les også:
Berre eit fåtal er dømt. Dei fleste etter hallikparagrafen, som har ei strafferamme på seks års fengsel. Seinast i januar blei ein 41-åring dømt for hallikverksemd. Han fekk sju månader i fengsel.
Strafferamma for grov menneskehandel er ti år.
– Frykta for og lojaliteten til hallikane gjer kvinnene redde. Dei definerer seg kanskje ikkje som eit offer, i motsetnad til i menneskehandelssaker, der ofra er villige til å fortelja kva dei har vore utsett for. Når dei ikkje vil fortelja, klarar me ikkje ta ut tiltale på menneskehandel.
- Les også:
– Veit aldri kor sakene endar
Politiinspektør Myklebust kallar etterforskinga av det rumenske nettverket krevjande. Mange involverte og bistand frå rumensk politi har gjort at mange av sakene har drege ut i tid. Fleire av dei antekne hovudmennene har for lengst reist sørover i Europa.
– Ein veit aldri kor langt ein kjem i slike saker, ofte endar det aldri i dom. Her har det enda i to menneskehandelsdommar som involverer to mindreårige. Utan politiet sin inngriping hadde dei nok framleis stått på gata og seld sex.
- Les også:
- Les også: