HAR TRUA: Sjølv om det ser mørkt ut for Brann er leiar for Bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen, sikker på at det er enno mogleg å snu trenden og ikkje rykkja ned.
Foto: NRK– Vi har trua på at Brann skal klara seg og at dei er eit elitelag også til neste år, seier leiar i Bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen.
- SJÅ OGSÅ:
I går vart det nok eit tap for Brann etter at dei tapte 0–4 mot Odd. Gårsdagens firemålstap var ikkje berre det største Brann-tapet i haust, det øydela og Brann sin målfordel mot botnrivalane.
– Mogeleg å snu trenden
Fem rundar før slutt ligg Brann på nedrykksplass i Tippeligaen. Dei har 23 poeng, eit mindre enn Sogndal og Haugesund på plassane føre. Likevel er
supporterane optimistiske.
– Med dei fem kampane som er igjen, så er det fullt mogeleg å snu trenden og kome over nedrykksplassen med sikker margin. Det er eg sikker på at vil skje, seier Lillebø-Hansen.
– Er det noko i magen som er i ferd med å vakse av nervøsitet no når serieslutt nærmar seg?
– Det er sjølvsagt ein klump i magen, vi er nervøse og spente, men vi har trua at dette skal vi få til, seier Bataljonleiaren.
Trur på gull
I motsetnad til grinande supporterar på tribunen i Skien på søndag er Bataljonleiaren langt meir positiv og kastar inn brannfakkelen.
– Eg trur at i løpet av Rikard Norling si tid på Brann Stadion så får vi sjå eit branngull. Eg trur han er mannen til å dra oss vidare og byggja laget opp som han gjorde i til dømes Malmø, seier Lillebø-Hansen.
(Artikkelen held fram under videoen)
VIDEO: Brann kan risikera å møta Åsane og Nest-Sotra i neste års førstedivisjon.
Ligg på nedrykksplass
– Vi gjer eigentleg ikkje store endringar. Vi må halda fram å ha trua på oss sjølv, seier Brann-trenar Rikard Norling etter gårsdagens tap mot Odd.
Han vil heller fokusera på spelarane enn å gjera drastiske endringar.
– Vi har veldig mange gode og flinke spelarar. No er det spesielt viktig å få desse spelarane fram og gjera dei best mogeleg, seier Norling.
– Kva om dykk neste sesong må spela i same serie som Nest-Sotra og Åsane, og er du i så fall her til neste år då?
– Vi tenkjer berre på det vi har føre oss og så tek vi ein kamp om gongen. Om eg er her til neste år ligg ikkje hos meg, men hos styret og fansen, seier Norling.
– Er du optimistisk i forhold til situasjonen Brann er i no?
– Eg er ukueleg optimistisk, svarar Norling bestemt.